Tokke-Vinje Sparebank

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tokke-Vinje Sparebank vart stifta i 1969 etter samanslåing mellom Tokke Sparebank og Vinje Sparebank.

Historikk

Det fyrste forstandarskapsmøtet i Tokke-Vinje Sparebank vart halde 29. november 1969. Knut Tveito vart vald til formann, i styret kom Olav K. Tho, Torleiv Dalen, Olav Gaastjønn, Herbjørn Svalastog og Bjørn Berdal. I tilsynsnemnda kom Bjørn Lofthus, Knut Bjåen og Geirmund Skaalen. Lars Tveito vart tilsett som banksjef. I 1970 var rådveldekapitalen 45,8 millionar, med eit fond på 1,8 millionar kroner. Utover 1970-talet auka talet på lånesøknader og det vart mykje å gjere for banken. Antal tilsette auka både på Dalen og i Åmot. I 1981 vart Lars Tveito pensjonert og Gunnar Engen tilsett som banksjef. Stikkord for bankdrifta på 1980-talet var kredittregulering, teknologisk utvikling og sparebankstruktur. Banken vart ein av dei fyrste i Vest-Telemark som kunne tilby uttak av kontantar i minibank.

Det kom fleire framlegg om samanslåing mellom sparebankene i Telemark på 1980-talet. I 1987 valde Tokke-Vinje Sparebank å bli ein del av Sparebanken Agder og Telemark. I 1987 var det 30 tilsette i Tokke-Vinje Sparebank.

Arkiv

Arkivet etter Tokke-Vinje Sparebank er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

  • Tveit, Tore (red.), Tokke-Vinje Sparebank 90 år, 1897-1987, Skien, 1987.