Tokke Sparebank
Tokke Sparebank var namnet på den nye banken som vart til etter at Lårdal Sparebank og Mo Sparebank slo seg saman i 1961.
Historikk
Samanslåinga mellom Lårdal Sparebank og Mo Sparebank vart gjort gjeldande frå 1. juli 1961. Det nye namnet var Tokke Sparebank og i styret sat Erling Mandt, O. Gj. Tveito, Bent Bakke, Olav Gaastjønn, O. G. Seltveit og O. J. Vistad. Ved utgangen av det fyrste året hadde Tokke Sparebank ein rådeveldekapital på 10,8 millionar og eit fond på ca. 520 000 kroner. I 1964 kaupte banken tomt til nytt bankbygg i Dalen sentrum, byggearbeidet tok til i 1968 og banken flytta inn i januar 1969.
I 1968 starta drøftingar mellom sparebankane i Tokke og Vinje med tanke på samanslåing. Avtale vart inngått, og Tokke-Vinje Sparebank vart formelt etablert frå 1. januar 1970.
Arkiv
Arkivet etter Tokke Sparebank er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.
Kjelder
Tveit, Tore (red.), Tokke-Vinje Sparebank 90 år, 1897-1987, Skien, 1987