Tone Aarak

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tone Aarak vart fødd på Rauland i Vinje kommune i 1884, død i 1971. Ho kom til Nesland kring 1891 då foreldra kjøpte garden Tonna eller Nystog Søndre. Tone gifta seg og flytta til garden Aarak i Treungen i Nissedal kommune der ho vart lærar. Jentenamnet hennar var Tone Tonna, og ho vart kalla Tonna av elevane sine.

Attmed lærarjobben verka Tone som forfattar. Forfattarskapet bestod av ei barnebok og fire romanar. Mest kjend er boka «Framand kar kjem til gards» frå 1949 som handlar om Drapet på Bratterud i Lårdal i 1815. Tone skreiv også artiklar i fleire utgåver av Jol i Telemark (1932, 1938, 1957).

Bibliografi

  • Aarak, Tone, Siste par ut, 1942.
  • Aarak, Tone, Stundom skin sola, 1943
  • Aarak, Tone, Skuggar og solskinn, 1945
  • Aarak, Tone, Framand kar kjem til gards, 1949 (2. utg. 2011).
  • Aarak, Tone, Liv, 1955.

Kjelder