Torshaug bedehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Torshaug bedehus.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).
Tor Klauvreid.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Torshaug bedehus ligg i Tokke kommune i Telemark, og hev adresse Bandakslivegen 397, Vråliosen. Vegen går frå Krossli til Bandaksli. Parsellen gnr. 68/5 (146/5) Torshaug vart i 1924 skild ut frå gnr. 68/2 og 3 Klauvreid. Tor Tarjeison Klauvreid (1847-1926) selde i 1924 garden Klauvreid og skilde då frå denne eigedomen som var eit større skogstykke. Etter testamente frå 1925 som vart tinglyst i 1927 fekk frikyrkja og indremisjonen tomta og midlar til å bygge eit bedehus som gåve frå Tor Klauvreid. Namnet Torshaug peikar på gjevaren. I år 2000 vart diverse legat avløyst, og Foreningen Torshaug er fullt ut eigar av eigedomen.

Hovudbygningen

Torshaug bedehus er bygd i 1928, er i 1 1/2 etg. og utgjer bedehus og bustaddel. Der er kjellarmur av fint tilhoggen gråstein, denne er fuga. Sperrehovuda har sveitserdekor med enkle sveitserdetaljar. Fasaden er kledd med skyggepanel. Arkitekt byggmeistar er Arent Aasheim (1890-1952) (Skogen) frå Skreosen.

Dersom ein ser rett på fasaden, går venstre dør inn til ein gang med ein mindre sal innanfor. Midtre dør går inn til Storsalen. Taket i denne er senka 2,5m, før var det opent raust som i ei kyrkje. Mellom Veslesalen og Storsalen er det ei dobbeltdør. Det er og dør mellom gangen og Storsalen. Døra til høgre går inn i ein gang, i denne bustaddelen er det kjøkken og stove i fyrste høgd og soverom i andre. Frå gangen dør inn til Storsalen.

Uthuset

Dette er truleg bygd litt seinare enn hovudbygningen. Uthuset inneheld stall, vedskjul, do for bedehus og bestyrar samt eit fjøs. Fasaden er kledd med lektepanel. Tak med blikkplater.

Ser ein rett på fasaden, går døra til venstre inn til stall for hestane som frakta folk til møtene. Neste dør går inn til eit stort vedskjul. Bak desse er det eit rom med eigen inngang til bruk for høy og reiskap. Neste dør går inn til ein gang framom fjøset, her er do for bestyrar. Sjølve fjøsromet er lafta. Oppgang til høyloftet. Neste dør, heilt til høgre på fasaden, er til doen for bedehuset. Fjøset har vindauge i gavlen, og under dette er det ein fjøskjellar. På baksida er det ei låvebru som fører opp til høyloftet. (Låvebrua manglar i 2011.)

SEFRAK minne

Det er knytt SEFRAK minne (SEkreteriatet For Registrering Av faste Kulturminner) opp til bedehuset og uthuset. Registrera i 1983. Der er oppført byggeår 1914 for båe husa, men dette er ikkje rett.

Bebuarar

Emissær Torleiv N. Snarteland (1896-) frå Fyresdal budde her med familie 1930-1933, og i 1933 er læraren Knut Talleivson Gunnarsli (1886-) ved Bandak skule nemnd.

Bruksområde i 2011

Torshaug er i 2011 framleis i bruk som eit tradisjonelt bedehus med eit breidt spekter av aktivitetar. Aktiviteten på bedehuset er framleis tilslutta frikyrkja og indremisjonen.

Kjelder

  • Marvik, Steinar: Mo bygdebok. Gard og ætt II. Skafså, Tokke kommune 1989.
  • Oddvin Kollbotn, byggesakshandsamar i Tokke kommune.
  • SEFRAK minne (SEkreteriatet For Registrering Av faste Kulturminner) opp til bedehuset og uthuset.
  • Testamentet i Digitalarkivet.