Torstein Kolbeinsson Standal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Torstein Kolbeinsson Standal (1785-1854) var fødd på Kolbingarden (bnr. 1) på Store Standal i Hjørundfjord. Torstein fekk skøyte på bruket etter at far hans døydde i 1806. Han vart i 1809 gift med Marte Olsdtr. Øye (1791-1861) frå Sunnylven. Dei fekk til saman 14 born, og 9 av desse vaks opp.
Torstein Kolbeinsson dreiv Trondheimshandel, og det er muleg at han hadde part i ei jekte. Han påtok seg gjerne å føre forlikssaker for andre.
Kjelde
- Strømme, Lars og Ragnar Standal: Gard og Ætt. Hjørundfjordboka, bd. 5, Ørsta 1993, s. 394.