Trettande dag jul

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Trettande dag jul eller trettandedagen, den 6. januar, vart etter kalenderreforma i 1700 rekna for rett juledag fleire stader i landet. Det var ein viktig merkedag for vær og vokster. På primstaven var dagen merka med tre kors, tre kroner eller tre menn. Det siste er ei referanse til dei tre vise menn, og dagen vart óg kalla heilage tre kongars dag.

Etter gamal tradisjon er trettandedagen avslutninga på julefeiringa for mange i Noreg; andre reknar tjuendedagen 13. januar som avslutninga.

I Den katolske kyrkja kallast dagen Herrens åpenbaring.

Kjelder og litteratur