Trollebotn (veg i Seljord)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Trollebotn er ein veg på Seljordsheii i Seljord kommune som går sørover frå Heivegen til kommunegrensa mot Kviteseid der han går over i Kilenvegen. Vegen er ein delstrekning av fylkesveg 3326, er 9,2 kilometer lang og går meist gjennom skog og øydeland.
Vegen har namn etter dalføret Trollebotn og blei namnsett i 2005.
- Nr. 532: Garden Langedal (gnr. 2/2) som Sterke-Nils rydda etter at han gifte seg i 1757 med Anne Eivindsdotter Lid. Her budde han med familien resten av si tid. Dei gamle husa er borte.
Galleri
Sjå også
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bratsberg Amtstidende, 14. august 1897: Sterke-Nils (Af O.A. Øverland i «Kringsjaa»)
- Telemark Arbeiderblad, 25. august 1962: Sterke-Nils og etta hans (Av Kjetil Haugstøl)