Tvergastein og Skarvereiret

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Tvergastein (Hol)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tvergastein skal vere den høgastliggjande privathytta i Nord-Europa. Den ligg på 1505 moh og er eit ynda turmål både sumar og vinter. Klatrehytta Skarvereiret, på 1749 moh, kan skimtast rett opp for vindauget heilt til venstre.
Foto: Morten Wiig Letnes (2014)

Tvergastein-hytta, bygd for filosofen Arne Næss (1912–2009), ligg oppunder Hallingskarvet, på 1505 moh. Frå Åkerstølane på Ustaoset går det merka sti opp til hytta. Det går også stiar frå Prestholt.

I 1937 kjøpte Næss tomt på eitt mål frå sameiga til Åkerstølane og nedre Uren. Frå han var liten hadde han feriert på hytta "Trio", som mora Christine Dekke eigde nede i sentrum av Ustaoset. Hytta Tvergastein vart bygd på ei flate mellom Tvergasteintjørne og Eimeskaret. Lokalbefolkninga kalla det galskap, skriv Næss i "biografien" om Hallingskarvet, Det gode lange livs far. Dei hjalp han likevel med å realisere prosjektet. Ein av dei fastbuande på Ustaoset, Olav Vindegg, køyrde byggematerialane opp på vinterstid. Det vart 62 turar i ulendt terreng og på ymse føre. "Det var et slit både for ham og de tre hestene," skriv Næss. Bror til Olav, snikkar Svein Vindegg, sette opp hytta og snikra også slikt som bokhyller, lufttette skåp og eit "tredimensjonelt, euklidisk koordinatsystem".[1]

Til å byggje klatrehytta Skarvereiret, rett under overkanten av Storestupet, kunne ikkje Næss bruke lokale snikkarar, men fekk hjelp av klatrevener. Det enda tragisk med at ein av dei, Boss Walther, i 1938 fall utfor og omkom. Prosjektet vart lagt på is, men nokre år seinare, i 1942, fekk Næss likevel sett opp klatrehytta, denne gongen på eiga hand. Den uisolerte plankehytta ligg på ei berghylle 1749 moh og tener mellom anna som basehytte for klatresport.

Næss inviterte filosofar og andre gjester frå heile verda til Tvergastein, og fastbuande på Ustaoset frakta både mat og folk opp dit. Næss overdro i 1996 hytta til Stiftelsen Tvergastein Arne Næss hytte, som fortsatt (2018) eig ho og held ho vedlike.[2]

Fotnotar

  1. Næss, s. 24 og 32-33
  2. Brønnøysundregisteret

Litteratur