Tjønes (Sykkylven gnr. 19)
Tjænes, også omtalt som Tjønes eller Tynes, er ein matrikkelgard (gnr. 19) i Sykkylven kommune og ligg på austsida av Sykkylvsfjorden.
På 1100-talet høyrde Tjønes til ein rik og mektig mann på Straumsheim, Heden Karlson. Seinare vart garden herremannsgods og kyrkjegods.
Skrivemåten på namnet har vore Þiouanese ca. 1200, Tiouanes ca. 1490, i ei utskrift ca. 1600 (Sunnmørsættlegga) frå ein gamalnorsk tekst vert garden kalla Haffuanes. I 1603 er skrivemåten Tydenes, og Thydenes i 1606, Thynes i 1616, Thiotines i 1617, Tynnes i 1666, Kiønes i 1714 og Thynes i 1723. I nyere tid er også Tjønes brukt.[1]
Ifølgje Oluf Rygh kjem navnet av det norrøne Þjófanes, som inneheld orda "tjuv" og "nes", altså tjuvanes nes. Rygh forklarte det med at tjuvar kunne ha heldt til der. En annan moglegheit er at det kan ha vore ein rettarstad. Neset stikk ut i Sykkylvsfjorden, og alle som kom med båt ville kunne sjå det.[2]
Tynes Møbelfabrikk, ligg her. I moderne tid har Ekornes Fabrikk avdeling Tynes også blitt lagt til Tynes.
Referansar
- ↑ Rygh, Oluf (Oluf). Norske Gaardnavne. Utg. Børsum. Oslo. 1969. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Weiberg-Aurdal, Gustav . Sykkylven : gardssoga : b.2. Utg. Sykkylven sogenemnd. 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.