Tynes Daglegvarer

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tynes Daglegvarer var ei daglegvareforretning på Vik i Sykkylven.

Då Lars Tynes bygde bustadhus ved Vikebrua like etter krigen, sette han av første høgda til forretningslokale. Den første som heldt til i desse lokala, var Otto Bakke, som dreiv si kolonialforretning der frå 1946 til 1959. Så kom Sykkylven Handelslag med sin filial i 1968, og etter dette hadde Tynes Daglegvarer, med eigarar Lars og Bjørn Tynes, sine forretningslokale der.

Tynes Daglegvarer var ei assortert kolonialforretning, men førte og presangartiklar og kosmetikk. Frå 1980 var firmaet kommisjonær for Norsk Tipping AS.

Som så mange av nærbutikkane i Sykkylven måtte også Tynes Daglegvare gje opp i tevlinga med dei store mathusa som voks fram også i Sykkylven frå 1980- og 90-åra.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.