Umesamisk

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Umesamiska»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk.
Foto: Olve Utne

Umesamisk er eit samisk språk som tradisjonelt blir snakka av umesamane. I Noreg har det blitt snakka umesamisk kring Rana og Hemnes kommunar, og i Sverige er umesamisk det tradisjonelle språket blant skogssamane frå sørlige Arjeplog og det meste av Arvidsjaur, Sorsele og Malå kommunar såvel som i Lycksele lappmark sør- og vestover til Umeälven. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i Åsele lappmark òg — heilt mot grensa mot Jämtland. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom pitesamisk og sørsamisk. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå 1700-talet og tidlig 1800-tal har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover. Den moderne umesamiske rettskrivinga vart godkjent av Sametinget i Sverige den 26. februar 2014 og vart med det godkjent som skriftspråk.

Geografisk utbreiing

Den sørlige halvdelen av Arjeplogs kommun, det meste av Arvidsjaurs kommun og heile Sorsele og Malå kommunar blir rekna til det umesamiske området. Utbreiinga har gått lengre mot sør tidligare, inkludert til Lycksele og Vilhelmina. Vest for Kjølen er språket sovande som morsmål i dag, men tidligare høyrde området frå Rana (sør for Krokstranda og Dunderlandsdalen) og Rødøy sørover til Hemnes og Korgen i Hemnes kommune samt nordlige delar av Hattfjelldal kommune til det historiske umesamiske språkområdet. Eit revitaliseringsarbeid er i gang i Hemnes og Rana, så per i dag er umesamisk til ein viss grad umesamisk i bruk der.

Umesamisk og nabospråka

Ume- og pitesamisk

Umesamisk og pitesamisk er dei einaste samiske språka som har både stadieveksling og utbreidd omlyd. Når det gjeld stadievekslinga, så kan pitesamisk ha stadieveksling etter både korte og lange vokalar, medan umesamisk generelt berre har stadieveksling etter lang vokal eller diftong. Omlyden står derimot sterkare i umesamisk, som har gjennomført omlyd på liknande vis som i sørsamisk, medan pitesamiske dialektar har mindre grad av omlyd i nordlige dialektar enn i sentrale og sørlige dialektar.

Ume- og sørsamisk

Umesamisk har til felles med sørsamisk eit meir konservativt endingssystem enn det som er vanligare i nordligare dialektar av vestsamiske språk. Kasus- og personendinga -m er såleis bevart som -m i sørlig sørsamisk og som -b i nordlig sørsamisk og mykje av umesamisk; i nordlig og austlig umesamisk og i pitesamisk (og lulesamisk) er -m oftast svekka vidare til -v, og i nordsamisk er konsonanten borte. Genitivsendinga -n er bevart i både sør- og umesamisk, men er i all hovudsak borte i pitesamisk. Inessiv-endinga -sne er bevart i både sør- og umesamisk, medan vår tids pitesamisk har svekking til -n.

Umesamisk dialekt i Noreg

Just Knud Qvigstad sine oppteikningar av umesamiske stadnamn i Rana gjev oss eit visst inntrykk av kva for drag dialekten hadde i området tidlig på 1900-talet:

  • Āhkā-juhka (Kjerringelva), Gargawrē-čǫhkka, Giewra-juhka, Gitnar-čǫhkka (Østerdalsknabben), Gruonas-čǫhkka (Grønelva), Gubbelt-jiænnō, Guobša-čǫhkka (Kufjellet), Guobša-juhka (Kvefsendalselva), Jīdō-juhka (Jordbekken), Mǫskos-durrē-čǫhkka (Rismålsfjellet), Sēipet-juhka (Messingåga), Stuorra-ǫlgē-juhka (Storakselbekken), Vince-čǫhkka (Båtfjellet), Vires-juhka.

Vi ser at diftongen uo blir skriven som uo før a i 2. staving heller enn som ua (gruonas heller enn gruanas, stuorra heller enn stuarra). Men eit usikkerheitsmoment der at Qvigstad ikkje hadde kontroll over uo-, ua- og uä-diftongane i det meir omfattande arbeidet sitt med pitesamisk heller.

For elv skriv Qvigstad jiænnō med nn og ikkje dn. For båt skriv han vince med -e heller enn -a, men -a med fullvokal finst i mange andre ord som f.eks. juhka.

Skriftspråk

Umesamisk i moderne rettskriving på eit infoskilt ved inngangen til Lappstaden i Arvidsjaur.

Den umesamiske rettskrivinga som er mest i bruk i dag vart utvikla av Henrik Barruk på grunnlag av dei lulesamiske rettskrivingsprinsippa, med unntak av at dei trykklette -ie og -uo-endingane blir skrivne som diftongar. Denne rettskrivinga har lenge vore uoffisiell, men onsdag den 26. februar 2014 vedtok Sametingets språknämnd i Sverige at dei hermed «uppfattar att den umesamiska ortografin härmed är godkänd».[1] Saka vil bli lagt fram for Samisk parlamentarisk råd snarast mulig.

Sjå òg

Fotnotar

  1. Melding frå Josefina Lundgren Skerk på veggen til Vi som vill bevara umesamiskan på Facebook
    Kejonen, Olle; Eira, Karen: «Sametinget godkänner umesamiskan» på Ođđasat.se, publ. 26.02.2014.

Lenkjer