Utsiktvegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Utsiktvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Utsiktvegen i Kviteseid kommune går nordover frå Lauvstadvegen og endar blindt ved nr. 38 og 39. Han er 980 meter lang, derav ei sidegrein på 124 meter som endar ved nr. 6 som er der husestaden til plassen Utsikt låg.

Vegen har namn etter den tidlegare plassen Utsikt (gnr. 33/12).

I 1881 var Utsikt på 27,74 mål (5,67 mål dyrka), bortfest i 1874 til Jens Andersen på livstid. Avgift 36 kroner i året og 5 dagar i veka i slåtten mot vanleg dagløn. Utsikt vart sjølveigarbruk i 1924 med di at Mikael, son åt Jens Andersen kjøpte staden for 5000 kroner.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.


Koordinater: 59.40730° N 8.47841° Ø