Lauvstadvegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Lauvstadvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Lauvstadvegen i Kviteseid kommune går frå Dalanvegen til krysset med Torshaugvegen og Oppebøenvegen. Han er 600 meter lang.

Vegen har namn etter den tidlegare plassen Lauvstad (gnr. 40/2).

Samstundes som hovudbølet Kyrkjebø vart innkjøpt til lærargard av det offentlege i 1847, vart Lauvstad, som høyrde til Bjørn Olsen, kjøpt og lagt innåt. I formannskapsmøte 19. desember 1855 vart det vedteke å byggja klokkarbustad i nærleiken av husa der, så Lauvstad var etter det bustaden til klokkaren i Kviteseid. Huset er i dag nr. 6 i vegen.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.


Koordinater: 59.40536° N 8.48225° Ø