Oppebøenvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Oppebøenvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Oppebøenvegen i Kviteseid kommune er ein 216 meter lang blindveg som går frå krysset med Torshaugvegen og Lauvstadvegen.

Vegen har namn etter det tidlegare bruket Oppebøen (gnr. 41/9). Vegen og bustadane ligg på denne gardens grunn.

Oppebøen var på 14 mål dyrka jord og vart rydda i 1860-åra av Olav Ånundson. Han var gift med Marken Jensdotter. Stoga vart sett opp i 1862.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.


Koordinater: 59.40757° N 8.48114° Ø