Vågen (Kristiansund)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vågen er ei vik mellom Kirklandet og Gomalandet i Kristiansund, på sørsida av eidet som knyttar dei to områda saman. Opphavleg var dette ein del av eit sund som skilde to øyar frå kvarandre; den andre delen av sundet er Dalabukta nord for eidet.
Kulturminneløypa Vågen rundt dekker atten viktige kulturminne rundt Vågen, mellom andre fleire av bygningane som sto att etter bombinga av Kristiansund 1940. Langs vågen står det fleire klippfiskbrygger på austsida (Gomalandet). Der finn vi òg bygningane til Goma Fabrikker og Kristiansund mekaniske. På vestsida finn vi mellom anna Mellemværftet, som no er museumsverft.
Litteratur
- Informasjonsskilt, kulturminneløypa Vågen rundt (kulturminneløype).
- Vågen rundt på Nordmøre museums nettsider.
- Norgeskart.no
Koordinater: 63.118702° N 7.733055° Ø