Kirklandet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kirklandet sett frå Nordlandet.
Foto: Ukjent / Nasjonalbiblioteket (1959).

Kirklandet er ein av bydelane i Kristiansund. Det var opphavleg ei øy, men er no knytta saman med Gomalandet av eit eid mellom Vågen og Dalabukta. Det er brusamband til Innlandet over Sørsundbrua. Høgste puntk er Varden på 78 moh.

Byen sitt sentrum ligg på Kirklandet. Her finn ein mellom anna Kristiansund rådhus i hovudgata Kaibakken, Kirkelandet kyrkje, St. Eystein kyrkje, operahuset Festiviteten og Kristiansund krematorium og gravlund. Kristiansund stadion er heimebane for Kristiansund Ballklubb.

Av kulturminne finn ein mellom anna Mellemværftet, eit skipsverft som no er det einaste museumsverftet i Noreg.

Namnet kjem av at den første kyrkja på staden vart bygd på Kirklandet, der det budde mest folk eldre tid. Kva øya vart kalla før den tid er ikkje kjend. Sjølv om det offisielle namnet er Kirklandet, noko som stemmer med lokal uttale, vert forma Kirkelandet ofte nytta - vi finn det mellom anna i Kirkelandet kyrkje.

Litteratur

Koordinater: 63.122277° N 7.715061° Ø