Innlandet (Kristiansund)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Innlandet, populært kalla Tahiti, er det minste av dei fire «landa» som utgjer byen Kristiansund. Innlandet grensar til Kirklandet over Sørsundet og til Nordlandet (“Marokko”) over Markussundet. Innlandet vart stort sett ikkje ramma av den tyske bombinga av Kristiansund i slutten av april 1940, og store deler av trehusmassen frå føre krigen er enno intakt.
Namnet Innlandet er truleg knytta til plasseringa i høve til Kirklandet, som tidlegare vart kalla Ytrelandet. Sett frå sjøen ligg Innlandet inst av øyane i Kristiansund. Andre namn som har vore nytta er Henøya og Sørlandet.
Litteratur
- Williamsen, Odd W. m.fl.: Kæm va dæm? : personene bak gate- og veinavnene i Kristiansund. Utg. Nordmøre museum. [Kristiansund]. 2010. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Koordinater: 63.104061° N 7.733661° Ø