Vegheim herberg og kafé

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Annonse for Vegheim herberg og kafé i Høydalsmo. (O. Bangen, Vegviser for Lårdal og Mo herad, Skien, 195u.)

Vegheim herberg og kafé låg i krysset til Øyfjell i Høydalsmo sentrum i Tokke kommune. Her dreiv Gunnhild Trøen kafé og overnatting på 1930- og 40-talet.

Historikk

Bustadtomti til Vegheim vart bortbygsla frå John H. Ofte til sonen Halvor J. Ofte i 1929. Halvor bygde huset som står her i dag, men han budde her aldri sjølv. I staden overtok Anne Trøen eigendomen i 1935. Då Anne døydde i 1945 var det dottera Gunnhild Trøen som overtok.[1]

I ei gjestebok frå Vegheim herberg og kafé er den fyrste innførsla datert 17. juni 1938 og den siste i 1948.[2] I Vegviser for Lårdal og Mo herad frå 1950-talet står det ei annonse for overnattings- og serveringsstaden.[3] Kor lenge verksemda varte utover dette er usikkert.

Vegheim hadde tre soverom i andre etasje.

Gunnhild Trøen døydde barnlaus i 1989.

Arkiv

Ei gjestebok frå Vegheim herberg og kafé vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum. Sjå lenke til oppføring over arkivet på Arkivportalen.

Referansar

  1. Førstøyl, 2014, s. 351.
  2. Gjestebok for Vegheim herberg og kafé.
  3. Bangen, 195u, s. 48.

Kjelder

  • Bangen, O. (red.), Vegviser for Lårdal og Mo herad, Skien, 1950. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Førstøyl, Tarjei, Lårdal ætt og heim, Høydalsmo sokn, Band 1, Tokke kommune, Lårdal bygdesogenemnd, 2014.
  • Gjestebok for Vegheim herberg og kafé.