Velledalen og Ringen Fotballag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Velledalen og Ringen Fotballag i Sykkylven vart etablert i 1952 etter samanslåing av fotballgruppene i IL Ringen i Straumgjerde og Velledalen Idrettslag. Desse laga hadde tidlegare vore konkurrentar, og møtte kvarandre blant anna i ein cup i då grusbana i Velledalen vart opna i 1950. Finalen i cupen endte med ein 5-0 siger til Velledalen IL.

Den første sesongen spelte det nyskipa laget under namnet Velledalen sidan dei mangla godkjend namn. Dei spelte då i haust- og vårserien med Bondalen, Guard, Herd og Aksla. Laget vann avdelinga si den fyrste sesongen. Laget hadde desse spelarane i den første kampen der dei vann 3-2 over Herd: Johan Svindseth, Ole Fausa, Magnar Fet, Erling Fet, Jon C. Brunstad, Paul Hole, Norvald Fet, Olav Fet, Johan Strøm, Gustav Tandstad, Osvald Vigstad og Odd Strømmegjerde. UK var: Tomas Tandstad, Astrup Olsen og Ole C. Brunstad.

I 1953 tok laget namnet Velledalen og Ringen FL (VRF).

I 1950-åra hadde laget ei god sportsleg utvikling. Det kom mange ungdommar til lokale møbelfabrikkar i Straumgjerde og Velledalen, og nokre av dei gjorde god nytte for seg også på fotballbana. Mellom desse var Johan Svindseth, Svein Lien og Per Svarstad.

I 1957 opna grasbana på Slettegjerde i Straumgjerde. Dette var ei av dei første grasbanene på Sunnmøre.

1960-åra var ein god periode for VRF. I 1965 rykte laget opp ein divisjon. Av dei som kom tilflyttande og styrka laget i dette tiåret var Lars Kornberg frå Volda og Reidar Bremerthun, som flytta til Velledalen i 1968. Han vart sentral både som spelar og administrator, men flytta frå dalen i 1974.

Klubben sine gullår var i 1970, då dei rykte opp i 3. divisjon, 1971 og 1972. VRF kom på 3.plass på nivå 3 i norsk fotball både i 1971 og 1972 og var begge åra nær opprykk. Eit sportsleg høgdepunkt vart nådd under opninga av grasbana på Dalemyra i Velledalen i 1971 med 1-0 i finalen over Hødd. VRF slo opprykkslaget Clausenengen 6-1 i ein våt heimekamp. I 1973 var både VRF og Sykkylven på nivå 3. 1000 tilskodarar såg laga spele 0-0 på Dalemyra den sesongen som enda med nedrykk for VRF sin del.

Frå 1970-åra merka VRF eit nytt trekk i samfunnsutviklinga: Mange unge reiste langt av garde for å ta vidare utdanning og det var derfor mange som vart tapt for laget i nokre av dei beste ungdomsåra. Men i tiåret fekk laget også tilgang av gode spelarar og leiarar, mellom desse var Ole Bjørn Fiskerstrand.

I 1978 vart det nytt opprykk med seks ubetalte spelande trenarar. Året etter vart det nedrykk til 4. divisjon etter at laget kom på tredje siste plass i 3. divisjon. VRF hadde då ein relativt tynn stall. Dette var siste gong eit lag frå Sykkylven kommune spela på nivå 3 i norsk fotball.

1980-åra var svake for VRF, men eit lyspunkt var det at laget fekk i gang damefotballen tidleg på 80-talet. VRF sin fyrste damekamp var treningskamp mot Sykkylven på Slettegjerde. Det vart siger 1-0 til VRF etter mål av Bjørg Frøystad Hole. Frøystad Hole var, saman med Eldrid Myhre, sentral aktør i damefotballen sitt fyrste tiår.

Nokre av grunnane til dei svake resultata i 1980-åra må søkjast i at VRF hadde vanskar med å rekruttere dei mest talentfulle ungdommane til laget. Fleire gjekk til konkurrenten Sykkylven Idrettslag, og andre satsa på andre lagspel som volleballspel og handball.

Kring 1990 såg VRF ut til å ha noko stort på gang. I 1990 spelte gutelaget – G16 – i finalen i Norway Cup. Dei tapte knepent 0-1 mot Tromsø i finalen. Gutane vart tekne varmt imot då dei kom heim til Sykkylven. Nokre av dei gode talenta heldt seg i moderklubben og var med å sikre opprykk til nivå 4 i divisjonsystemet i 1994. Her heldt VRF seg til 2002 då seniorlaga i Sykkylven slo seg saman i FK Sykkylven. Det var gode år for damefotballen på slutten av 1980-talet og starten av 90-talet. Her hausta laget etter kvart fruktene av godt aldersbestemt arbeid. Anne Grethe Sandvik spelte seg inn på landslaget for J 16.

Frå 2003 har det berre vore aldersbestemt fotball i VRF. Høgdepunktet dei siste åra er at Tove Marie Tandstad nådde opp og fekk dømme i toppserien for kvinner. Ho fekk også prøve seg som fjerdedommar i ein cupfinale. I 2017 dømde ho semifinalen i fotballcupen for kvinner mellom Bjørnar-Arna og Avaldsnes.

Kjelde

Atle Hole: Kort resyme av VRF-historia.