Vikøyri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vikøyri sett frå Vik kyrkje
Foto: John Bernhard Rekstad

Vikøyri, lokalt kalla berre Øyri, er kommunesenteret i Vik kommune på sørsida av Sognefjorden. Vikøyri er eigentleg namnet på området mellom elvane Vikja og Hopra, men SSB brukar namnet om heile det tettbygde området, også det som ligg på sidene av elvene.

Vikøyri er ikkje ein gard, men utvikla seg til ein strandsitjarstad på det som var almenningen til bøndene i Vik. Her slo fattigfolk seg ned og dreiv med fiske, handverk og handel. Vikøyri er ein av tre slike strandsitjarstader i Sogn saman med Lærdalsøyri og Sogndalsfjøra.

Vikøyri byrja å utvikla seg til ein tettstad frå 1600-talet. Ei skatteliste frå 1611 skildrar to husmenn som budde på Vikøyri, og ei frå 1645 nemner 14 strandsitjarar. Etterkvart som folketalet steig i Vik slo fleire seg ned på Vikøyri. I 1801 budde det 262 menneske der, i 1960 549. Etter 1960 har folketalet gått sterkt ned. Mange av husa vert i dag brukt som feriebustader.

Det har vore to storbrannar på Vikøyri, i 1838 og 1922.

Vikøyri er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden

Kjelder