Vindhus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vindhus på den gamle tollbua på Innlandet i Kristiansund.
Foto: Olve Utne (2009).
Milnbrygga i Kristiansund, med to vindhus. Her ser ein dørane i tre etasjar under vindhusa.
Foto: Harald Oppedal (2008).

Eit vindhus er ein ark, ein utstikkar, på sjøhus, pakkhus og liknande bygningar, der det er montert ei vinde – det vil seie eit reiskap for å heise opp gods. Under vindhusa er det ofte dører som går rett ut utan nokon plattform, så ein kan heise opp godset og ta det inn i dei øvre etasjane med minst mogleg slit.

Vindhus er og kjend som kranarkar eller heisarkar.

Litteratur og kjelder