Sjøhus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om lagerhuset bryggje. For andre tydingar, sjå Bryggje (fleirtyding).

Milnbrygga er ei bryggje med to vindhus i Kristiansund. I dag rommar denne bryggja Norsk Klippfiskmuseum.
Foto: Harald Oppedal

Eit sjøhus, òg kalla ei sjøbu, ei bryggje eller eit pakkhus, er ei lagerbygning i éin (vanlegare to) eller fleire etasjar som ligg med ein vegg over djupt vatn så skuter kan legge til for lasting og lossing. Øvst på sjøveggen er det som regel eitt eller fleire vindhus med vinder for heising av gods mellom bryggja og skutene. Rett under vindhuset er det bryggjedører (brýjedöre, brøggdørre) i kvar etasje der varene var tekne inn ved lossing av skuta og ut ved lasting.

Namn

Namnet bryggje med variasjonar (brygge, brøgge, brø’gg, brøggæ, brøgga o.a.) er det vanlege namnet frå Nordmøre og Trondheim og nordover.

Sjøhus er det vanlegaste namnet sør i Noreg. På Sunnmøre blir bryggjene, inkludert dei store murbryggjene i jugendstil i Ålesund, helst kalla sjøbuer.

Nemninga pakkhus blir helst bruka om dei store bryggjene i bindingsverk som særleg vart bygde frå utpå 1800-talet av. Pakkhus er likevel først og fremst ei funksjonsnemning og inkluderer òg bygningstypar som ikkje er bryggjer.

Fire av bryggjene langs Nidelva i Trondheim. Den brune bryggja nest lengst til høgre er ei typisk trøndersk midtgangsbryggje.
Foto: Olve Utne

Konstruksjon

Fundamentet for bryggjene kan vera bolverk, pålar, steinkar eller i nokre fall heil steinmur. Felles for alle bryggjene er at fasaden ligg over djupt nok vatn til at skuter kan legge til direkte. Golva, inkludert i nerbryggja (1. etasje), var helst grovare dimensjonerte og meir tettbygde enn i dei luftigare nausta og skjåene.

Konstruksjonen av sjølve bygninga kan variere. Særleg vanleg har lafteverk vore — i alle fall frå Nordmøre og nordover —, men frå 1700-talet begynte den luftigare, raskare, arkitektonisk meir fleksible og mindre materialkrevande byggjeteknikken bindingsverk å bli teken i bruk i Stavanger og naboområda. I løpet av slutten av 1800-talet og nokre tiår innover 1900-talet fortrengte bindingsverket lafteverket i dei fleste nybygde bryggjene i Midt-Noreg og Nord-Noreg òg. I våre dagar er det først og fremst i Kristiansund og Trondheim at vi finn att dei gamle lafta bryggjene. I tillegg finst det ein del svalgangsbryggjer i kombinert lafteverk og stavlinebygg att på Nordmøre, og da særleg i Aure kommune.

Sjøbuene ved Brosundet i Ålesund på Sunnmøre vart oppattbygde i mur etter brannen i 1904.
Foto: Joachim Müllerchen

I Ålesund vart bryggjene, der kalla sjøbuene, som vart oppattbygde etter brannen i Ålesund i 1904, bygde i mur. Den gamle trebryggja HolmbuaAspøya, bygd kring 1860, greidde seg gjennom brannen og står som eit einsleg eksempel på dei mange trebryggjene i Ålesund i andre halvdelen av 1800-talet.

Bruk

Hovudbruken til bryggjene har vore behandling og lagring av fisk så vel som lossing, lagring og lasting av andre varer, inkludert salt og kornvarer. På store deler av Vestlandet har salting av sild vore ein sentral funksjon. I Bergen har tørrfisk frå Nord-Noreg og kornvarer og andre viktige handelsvarer frå kontinentet vore viktige. I Kristiansund og elles på Ytre Nordmøre har kleppfisken vore hovudvara sidan tidleg på 1700-talet, men silda har òg vore viktig i periodar. Kleppfiskhandel vart òg stadig viktigare i Ålesund utover 1800-talet.

I tillegg til hovudbruken av bryggjene som pakkhus fann ein del handverkarar vegen dit. Dette galdt særleg tynnemakarar (bødkerar/bøkkarar), seglmakarar, blokkmakarar og andre sjøbruksorienterte handverkarar.

Bryggjer langs Nidelva i Trondheim.
Foto: Hesse1309

Litteratur

  • Johansen, Elisabeth og Pettersen, John Roald (red.): Kystårboka 2003 : brygger/sjøhus og kystfugler. Stamsund : Orkana, 2003.

Lenkjer

Sjå òg