Volbu
Volbu er ei bygd i Øystre Slidre kommune i Valdres. Ho ligg på nordsida av Volbufjorden, om lag 434–431 meter over havet. Det meste av bygda ligg på vestsida av Volbuelve; på austsida ligg tettstaden Moane.
Volbu kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1831. Ho vart reist på staden der det før stod ei stavkyrkje, og er dessutan den einaste kyrkja i Volbu sokn. Eit lite museum som informerer om den tidlegare Volbu stavkyrkje.
Det norrøne namnet var Volubu; førsteleddet er eit gammalt elvenamn Vala, genitiv Vǫlu, sisteleddet er bu bygd.
Kjelder
- Store norske leksikon: Volbu