Volda Røde Kors Hjelpekorps

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Røde Kors-huset i Volda
Foto: Arnfinn Kjelland

Volda Røde Kors Hjelpekorps vart stifta i desember 1944 under namnet Volda Raude Kors Hjelpekorps. Stiftingsmøtet skulle vore 5. desember, men vart utsett på grunn av bombeangrepet i Ørstafjorden der reisesekretæren frå Norges Røde Kors, Kåre Bertelsen, deltok i hjelpearbeidet. Hendinga var nok medverkande til at 55 personar teikna livvarig medlemskap og om lag like mange meldte seg til teneste i hjelpekorpset.

Alt 23. mars 1945 fekk korpset bokstaveleg talt sin «elddåp», i samband med flyangrepet i Dalsfjorden. Da vart mange såra tyskarar frakta til Volda, der hjelpekorpsfolk hjelpte til.

Etter fredsslutninga kom det evakuerte frå Finnmark til Volda. Hjelpekorpset samla inn pengar og deltok i mottaksarbeidet elles.

Hjelpekorpset var frå starten sett opp med 6 lag a 5 personar. Fire av laga var sett opp med gutar og to med jenter. Styret var samansett slik:

  • Lauritz Miljeteig, formann
  • Karl Rønnestad, nestformann
  • Åge Moe, sekretær
  • Asbjørn Evensen, korpslege
  • Olav Egge, materialforvaltar

Som korpsleiing:

  • Nils Flø, korpssjef
  • Leiv Halkjelsvik, nestkorpssjef
  • Sigurd Egset, troppssjef gutar
  • Turid Riste, troppssjef jenter

Seinare vart lag og troppar omorganiserte og blanda slik at det var både jenter og gutar i dei.

Eit hjelpekorps må ha ein del utstyr på lager. Frå starten disponerte korpset eit rom i Gamleseminaret. Ein krt periode var depotet i Uppheimskjellaren, så attende til Gamleseminaret for korpset bygde eige hus ovanfor Samfunnshuset i 1957. I 1969 fekk korpset overta Gamleseminaret, som sidan har vore Røde Kors-hus i Volda.[1]

Korpset starta tidleg med kurs i førstehjelp og vart utkalla på leiteaksjonar, snøras, drukning, trafikkulykker, fjellredning og ymse skadesituasjonar. Korpset var utkalla da Skondalsfonna rasa ut over Risegardane på Sæbø i Hjørundfjorden 19. februar 1968 og den forferdelege Molaupenulykka 24. november 1971. Heile 27 medlemer av korpset stilte opp i denne aksjonen.[2]

Allereie i august 1945 starta korpset barnehage i Revehallen i Volda sentrum.[3] I 1956 vart det starta ei støtteforeining som arrangerte tombola og samla inn pengar til korpsdrifta på andre måtar. Frå 1968 til 1992 dreiv korpset et tilbod med bading for funksjonshemma. I 1963 starta dei pasientvenforeining, som seinare endra namn til Besøkstenesta. Dette vart eiga avdeling av Volda Røde Kors vart omorganisert i 1970.

I 1994 hadde korpset tre troppar; ein i sentrum, ein i Dalsfjorden og ein på Bjørke.

Litteratur

  • Egset, Sigurd 1994: Volda Røde Kors Hjelpekorps 50 år. Voldaminne s. 5-10.
  • Aarset, Knut (red.) 1997: Volda Røde Kors Hjelpekorps 50 år. Utg. Volda Røde Kors Hjelpekorps. 209 s.

Referansar

  1. Heimesida til lokalforeininga.
  2. Aarset s. 96.
  3. Aarset s. 20.