Weifa
Weifa er eit farmasøytisk selskap som blei grunnlagt i 1940. Namnet er ein forkortelse av Weiders Farmasøytiske A/S. Selskapet har hovedkontor i Oslo, men hadde lenge produksjonsanlegg i Kragerø.
Historikk
Weifa blei grunnlagt av cand. pharm. Olaf Weider i 1940. Formålet med verksemda var «fabrikasjon og forhandling av apotekvarer, næringspreparater og andre artikler, samt agenturvirksomhet».[1] Selskapet vaks til ein dominerande aktør innanfor legemiddelindustrien, og er i dag ei av landets største leverandørar av reseptfrie legemidlar. Det er Weifa som m.a. produserer dei smertelindrande produkta Paracet, Ibux og Paralgin Forte. Det er også dei som lagar Pyrisept. Selskapet har elles heldt fram produksjonen av to produkt som fyrste gong vart produsert i krigens dagar. Desse er Weifa-C Nypeekstrakt og Aselli salve.
I august 2014 blei Weifa AS kjøpt opp av Aqualis, og samstundes notert på Oslo børs under namnet Weifa ASA. I juni 2015 vart selskapet delt i to, og solgte ut produksjonsanlegga i Kragerø til Vistin Pharma AS.
Kjelder
- Selskapet si heimeside. (Lest 28. februar 2018, kl. 10.30).