Ydstebøhamn
Ydstebøhamn er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kvitsøy kommune i Rogaland. Per 2023 var det rett under 400 innbyggjarar der. Staden ligg på sørsida av Kvitsøy, og er ei viktig fiskehamn.
Kvitsøy fyr vart oppretta som vippefyr allereie i år 1700. Dagens fyr vart reist i 1829. Det er seinare ombygd fleire gonger, men reknast som det eldste fyret som framleis er i drift i Noreg. Det vart automatisert i 1969.
Det er ferjesamband til Mekjarvik i Randaberg kommune.
Kjelder og litteratur
- Faktaark frå Kartverket.
- Ydstebøhamn på Wikipedia på nynorsk