Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2011-46

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Astrologisk-medisinsk illustrasjon og utgreiing av Ambrosius Rhodius, frå eit upublisert verk frå 1654.

Ambrosius Rhodius (fødd 10. november 1605 i Kemberg, Sachsen, død 1696 same stad) var lege, matematikar, fysikar og astrolog. Frå 1637 var han stadsfysikus (bylege) og professor i Christiania. Han var ein sentral person i det vesle lærde miljøet som var sentrert rundt domkyrkja og katedralskulen der. Han hadde direkte kontakt med vitskapsfolk i fleire europeiske land, og han åtte det som truleg var den største boksamlinga i Noreg i si tid.

I 1661 vart Rhodius og kona Anna Fredriksdotter sette i fengsel, og året etter forviste til soning på Vardøhus festning. Dei var dømde for injuriar mot makteliten i Christiania - to borgarmeistrar, biskop og lensherre/statthaldar.Les mer...