Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2013-48

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacob Hoel.
Foto: Ukjent kunstnar.

Jacob Hoel (fødd på Nes på Hedmarken 7. august 1775, død same stad 30. juli 1847) var offiser, gardbrukar og stortingsmann. Han er mest kjend som leiar for den fyrste bondeopposisjonen på Stortinget 1818-1822, og var bror til bondeføraren Halvor Hoel. Jacob Hoel dreiv stort jordbruk på garden sin HovinsholmHelgøya, og han var ein foregangsmann kva gjeld nye avlingar og metodar i jordbruket. Hoel var fødd og oppvaksen på Hol på Nes (nå Ringsaker kommune) på Hedmarken. Foreldra var gardbrukarparet Nils Halvorsen Hoel (1733–80) og Anne Jacobsdatter By (1739–1818) frå garden By i Vardal Sosialt er det truleg meir presist å kalle familien ein proprietærfamilie framfor ein storbondefamilie. Det gjeld iallfall for Jacob Hoel sjølv, som også omtala seg sjølv som nettopp proprietær. Han var offiser og såleis kondisjonert, og han kjøpte fleire store jordbrukseigedomar som han dreiv saman med Hovinsholm. På Stortinget var han ei hovudkraft i arbeidet for å avskaffe adelskap i Noreg.Les mer...