Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-7

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Aukrust. Udatert foto.
Foto: L. Forbechs eftf. (Kristiania)

Olav Aukrust (fødd i Lom 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann og kulturvernentusiast, men framfor alt diktar. Han blir rekna blant dei fremste lyrikarane i norsk litteratur, og er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også påverka av Austens religionar, og han vart sterkt oppteken av teosofien og antroposofien.

Olav Aukrusts dikting innbyr både til begeistring og til sterke motforestillingar, både kva gjeld innhald og form. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit tredje berande element, som også er tett innvove både i nasjonalismen og i religiøsiteten. Likeins er kjærleiksmotivet, både erotisk elskhug og den altomfattande Guds kjærleik, framherskande i mykje av diktinga hans. Han dyrka det «rotekte bondenorske» med utgangspunkt i ein tradisjonsbunden gardbrukarstand i ei fjellbygd som han sjølv kom frå. Den nasjonalistiske tankeverda og retorikken vekte begeistring ikkje minst i dei norrøndyrkande krinsane som slutta opp om Nasjonal Samling, noko som har gjort sitt til at Aukrusts dikting i periodar har vore ideologisk sterkt omdiskutert.Les mer...