Ål historielag
Ål historielag i Ål kommune i Hallingdal vart skipa i 1979. I lag med kommunen driv historielaget Ål Bygdearkiv i Tingstugukjellaren i Ål. I 2020 hadde laget ca. 50 medlemmer.
Aktivitet
Ål historielag held mellom anna møte, kåseri og slektsforskarkurs. Det skipar også til lokalhistoriske turar. Historielaget har bygd opp ei fotosamling, som no (2020) er under digitalisering. Laget har dessutan utarbeidd SEFRAK-registeret for Ål.
I 2016 fekk laget støtte frå Sparebankstiftelsen for å setje i stand stølsvegen til Aal Tjærefabrikk og å teke vare på og skilte restane av fabrikken.[1]
Publikasjonar
- Gamle vegar i Torpo (hefte).
- Husmannsplassar i Ål (hefte).
- Noss, Nils (red.): Ål i krigsåra 1939-45. Utg. 1999. 259 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Leiarar
- Nils Noss
- Eilev Hefte
- Bjørn Langseth
- Thor Warberg
- Odd Skarsgard
Referansar
- ↑ Ål historielag, Sparebankstiftelsen.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).
- Ål Bygdearkiv.