Øvre Holland (Sandnes gnr. 97/13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Holland
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 97
Bnr: 13
Type: gardsbruk

Øvre Holland (Sandnes gnr. 97/13) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/13. Gammalt matrikkelnr. 13 og løpenr. 55c og 55d. Utskilt fra gnr. 97/11 tinglest 8. juli 1882.

Brukarar

Halvard Olsen,

født 1840, død 1927. Son til Ola Matiasen, husmann i Bakkjen under Fløysvik i Høle.

Halvard hadde fyrst eit stykke i Heia på Hommarsåk, men han måtte flytta derifrå i 1870 (Garden Hommarsåk-47). Han hadde ein bror i Kastevigjå i Uskakalven og der budde han så. I 1871 kjøpte han eit utmarksstykke på Holland av dei to brørne Ola og Per Perssøner. Her bygde han seg hus og dyrka jorda. Han hadde småbruket til 1914.

Gift i 1867 med Olina Eriksdtr., født 1838, død 1922, dotter til Erik Hansen Bjelland (Bjelland-11).

Barn:

  1. Dina Olava, født 1868, gift i 1897 Thomas Eiene, politisekretær, budde i Stavanger
  2. Rakel, født 1871, gift i 1893 med Isak Loddervik, bonde fyrst på Frøyland (Frøyland-81), sidan i Loddervik i Høle
  3. lnger, født 1874, død 1875
  4. Inger, født 1876, gift i 1899 med Tosten T. Løvaasvaag, overtok stykket etter svigerfaren (se nedanfor)
  5. Erik, født 1879, død 1888
  6. Hendrik Olaus, født 1882, død 1907, fiskar

Tosten T. Løvaasvaag,

født 1873, død 1963. Son til Tosten Hansen, småbrukar i Lauvåsvågjen (Øvrebø (Sandnes gnr. 97/17)).

Han var til sjøs i unge år, og budde då på Hommersåk, så til leige i Stølsvigjå (Folk i bygda-335), og også ei stund på Lura. I 1903 fekk han skilt ut eit stykke av faren sitt småbruk i Lauvåsvågjen (Vågen (Sandnes gnr. 97/7)), men det overlot han til ein svoger då han sjølv blei småbrukar på Holland etter svigerfaren i 1914. Stykket på Holland hadde han fram til 1959. Det var fiske som var hovudnæringa og Tosten hadde tidleg eige notbruk og fleire mann i arbeid.

Gift i 1899 med Inger Holland, født 1876, død 1957, dotter til Halvard Olsen Holland (Lauvås-81).

Barn:

  1. Trygve, født 1900, budde ei tid på Lauvås (Folk i bygda-294), sidan fiskar og småbrukar i Kvalvåg i Strand, gift i 1924 med Serina Svihus
  2. Hartvig, født 1902, fiskar, budde på Lauvås (Folk i bygda-317), gift med Regine Øglend (Eltarvåg -78.a)
  3. Karen Elisabeth, født 1905, gift i 1934 med Alfred Tveit, bonde på Tveit i Høyland
  4. Olena Henriette, født 1908, gift med Kasper Dale, bonde på Holta i Strand
  5. Inga Tomine, født 1911, gift med. Andreas Ingebrigtsen, styrmann, budde på Lauvås. Ho overtok sidan stykket etter faren (se nedanfor)
  6. Torstein, født 1914, fiskar, bur i Vier (Folk i bygda-352), gift med Selma Soltvedt
  7. Elisa Henrikka, født 1918. gift med Andreas Hofberg Hommersand, møllearbeidar, busett på Hommersåk (Folk i bygda-82).

Inga Ingebrigtsen,

født 1911. Dotter til Tosten T. Løvaasvaag (se ovanfor). Inga overtok småbruket i 1959. Ho er sjukepleiar og jordmor, ei tid var ho helsesyster i Riska.

Gift med Andreas Ingebrigtsen, født 1900, død 1937, styrmann, seilte i utanriksfart.

Barn:

  1. Johan Reidar, født 1934, dreiar, bur på Hundvåg, gift med Kjellaug Bentsen


Litteratur og kjelder


Referansar