Øvrebø (Sandnes gnr. 97/17)
| Øvrebø | |
|---|---|
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 97 |
| Bnr: | 17 |
| Type: | gardsbruk |
Øvrebø (Sandnes gnr. 97/17) er ein gard i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 33/17. Utskilt fra gnr. 97/11 tinglest 18. april 1903.
Brukarar
Tosten T. Løvaasvaag,
fødd 1873, døyde 1963. Son til Tosten Hansen, småbrukar i Lauvåsvågjen (Vågen gnr. 97/7).
Tosten var fyrst sjømann, sidan fiskar. I 1903 fekk han skilt ut eit stykke frå faren sitt småbruk og her budde han til 1914. Så overtok han svigerfaren sitt stykke oppe på Holland (Øvre Holland (Sandnes gnr. 97/13)).
G.m. 1899 Inger Holland, fødd 1876, døyde 1957, dotter til Halvard Olsen Holland (Øvre Holland (Sandnes gnr. 97/13)).
Barn:
- Trygve, fødd 1900
- Hartvig, fødd 1902
- Karen Elisabeth, fødd 1905
- Olena Henriette, fødd 1908
- Inga Tomine, fødd 1911
- Torstein, fødd 1914
- Elisa Henrikka, fødd 1918.
Thorvald N. Vareberg,
fødd 1869[1], døyde 1953. Son til Nils Vareberg, bonde, Vestre Åmøy[2].
Thorvald var fyrst i USA og var farmarbeidar i Midt-Vesten. I 1908 var han og familien busatt på gnr. 242/12[3] i Stavanger. Han fekk skjøyte på dette bruket i 1916 etter svogeren Tosten. Thorvald hadde stykket fram til 1946. Han var fiskar.
G.m. 1903 Laura Løvaasvaag, fødd 1879, døyde 1966, dotter til Tosten Hansen, småbrukar i Lauvåsvågjen (Vågen (Sandnes gnr. 97/7)).
Barn:
- Nils, fødd 1905, fiskar, bygde seg hus på Lauvås (Folk i bygda-295), sidan flytta han til Karmøy, g.m. Sigrid Syre
- Torstein, fødd 1906, overtok stykket etter faren (nr 93). Han er fødd i Amerika.
- Inga, fødd 1908, g.m. Nils Hamre, Stavanger
- Karen Elisabeth, fødd 1910, g.m. Johan Syre, fiskar, bur i Skudenes
- Tordis, fødd 1913, g.m. Thorleif Andersen, Stavanger.
Torstein Vareberg,
fødd 1906, døyde1990. Son til Thorvald N. Vareberg (se ovanfor).
Torstein overtok dette stykket i 1946. Han var fiskar,og sidan industriarbeidar.
G.m. Ågot Hansen, fødd 1918, ho er frå Fauske.
Barn:
- Else Margrethe, fødd 1943
- Liv Torun, fødd 1950
- Tor Åge, fødd 1952.
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norges bebyggelse. Utg. Norsk faglitteratur. Oslo. 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 1080-1081 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 61-62 i Digitalarkivet
Referanser
- ↑ Thorvald Vareberg i Historisk befolkningsregister
- ↑ Lindanger, Birger. Rennesøy. Utg. Rennesøy kommune. Rennesøy. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Lindanger, Birger. Rennesøy. Utg. Rennesøy kommune. Rennesøy. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.