Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Venstre del av antependiet i Volda kyrkje
Foto: Fredd Brekke/Volda Husflidslag 100 år
Kunstvevaren Birte Oline Flote (1866 – 1952) voks opp på garden Flote i Folkestadbygd i Volda kommune. Ho viste tidleg interesse for veving og alt som knytte seg til dette. Gjennom skolering og eige arbeid utvikla ho seg til ein kunstvevar på høgt nivå. Ho kom til å bety mykje for husflidsarbeid i samtid og i ettertid, i Volda og mykje vidare.   Les mer …

«Pokal» M – 80 - Hø. Dette bilde er før båten var forlengd i 1937 til 64,8 engelske fot.
MB «Pokal» var ein fiskebåt som vart bygd i Hardanger i 1930 og selt til eigarar i Volda. Båten gjekk i 1949 gjennom ei omfattande ombygging ved L/L Vik båtbyggeri i Høydalen. Båten hadde fram til 1965 nummer M-80-HØ og kjennesignal LHAF. I 1985 vart båten stroken i Skipsmatrikkelen og søkt i Osterfjorden, truleg året etter.   Les mer …

Henrik Johannes Nikolai Martinussen Holsvik (født 13. april 1884, død 2. oktober 1986 var fødd i Holsvika i Austefjorden i Volda kommune av Martinus Harald Olai Iverssen (1843 – 1893) og Hilde Larine Henriksdotter (1856 – 1947) som nummer seks i ein barneflokk på ni frå to ekteskap.

Oktober 1909 gifte Henrik seg med Johanne (Hanna) Oline Jakobsdotter Eide 1883 – 1970). Dei fekk to born: Hilda 1912 og Lars 1915.

Martinus døde i 1893. Ein eldre bror Ivar f. 1875 tok over garden, men døde i 1894. Henrik sit som 10-åring med eigarskap til gard (heilebruk) og heil part (to mann oppmøte) i Holsvik Notlag. Henrik blir brått vaksen.   Les mer …

Her er hudinga på «Mot» godt i gang.Det er Håkon Høydalsvik og Håkon Berg som er i gang med fjerde planken på babord side
(1972)
MB «Mot», M-38-A, Kjennesignal: LM 4458. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1972 for Osvald Karlsen, Langevåg. Dette var første båten bygd på laminerte spant ved båtbyggeriet. Kantraspanta framme og bak var i heil ved og utan skøyt. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt til 13,5 m lang, 4,1 m breidde og 1,7 m djup. Det gir lengde 43’.   Les mer …

Bilde er frå kulturvandring 11. september 1994. Tema var mellom anna båt. Denne spantveggen som er oppsett er dimensjonert som ein båt på 60 fot. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten.
Foto: Magnar Høydal
Doblingspant er eit dobbelt spant. For folk langs kysten er dette truleg eit kjent begrep. For innlandsbefolkninga seier det kanskje ingen ting. Kort forklart, det er ein tradisjonell byggeteknikk for kravell bygde båtar. Det er bygt av to tømmer med same dimensjon. Tømmer i denne samanheng er den eine delen av det doble spantet. Det eine tømmeret har rot ned på kjølen, det skapar heil binding mellom begge sider. Her kjem gevinsten ved dobbelt spant inn, sefterane overlappa skøytane i spantet. (Sjå legge saman spant lenger ned i stykket.) Lengste enden på rota vender skiftevis til styrbord og babord. På båtar i størrelse 60 – 70 fot er det 6 -7 toms breidde på kvart tømmer. Lengste enden på rota er oftast frå 1,5 meter til opp mot 2 meter. Kortenden mellom 0,7 meter og oppmot 1 meter.   Les mer …

Fra båtbyggeriet i 1955.
L/L Vik Båtbyggeri vart etablert som lutlag (aksjeselskap) i Høydalen i Volda i 1946 av brørne Rasmus J. Høydalsvik (1910-2005) og Håkon J. Høydalsvik (f. 1922) og nokre mindre aksjonærar. Minst to generasjonar før desse to brørne frå Jakobgarden i Høydalsvikane dreiv med båtbygging i kombinasjon med gardsdrift og vinterfiske. Utover 1900-talet dreiv dei med båtbygging både under stabburet og i kjellaren på våningshuset i Jakobgarden. Det var helst færingar dei produserte. Rasmus Høydalsvik arbeidde ved Brastads Skipsbyggeri i Brattvåg frå 1937 for å lære å bygge større båtar, og da krigen kom flytta han attende til Høydalen og begynte å bygge båtar i naustet på garden.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar