Forside:Sykkylven kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
John Jarnes
John Jarnes (fødd 27. desember 1915, død 19. desember 2016) er ein tidlegare møbelfabrikant i Sykkylven. Han er fødd på garden Rongen, som son til Karl J. Jarnes. Karl dreiv gard og trevareproduksjon. Spesialiteten var produksjon av trapper. John vanka tidleg i verkstaden til faren, allereie frå 10-11-årsalderen var han med i produksjonen. Etter at han var konfirmert, arbeidde han for faren på heiltid. I 1936 vart han tilsett ved J.E. Ekornes Fjærfabrikk som den første i madrassproduksjonen. Jens E. Ekornes hadde to år tidlegare byrja å produsere metallfjører til møbelindustrien. Med slike fjører kunne ein også lage sengemadrasser. Dette vart starten på produksjonen av dei såkalla Svanemadrassene.   Les mer …

Sandella i 2013.
Foto: Fabrikken

Sandella, Sandella Fabrikken AS, er ein skumplastprodusent i Sykkylven. Verksemda var ved etableringa i 1961 ein avleggar av Sande Fabrikker A/S i Sande i Vestfold. Det var dei to venene Arild Wahlstrøm og Martin Mehren som under krigen gjorde opptaket til Sande-bedrifta. Då møttest dei jamleg sommartida under laksefisket i Lærdalselva, og i Lærdal vart tanken fødd om ein reparasjonsverkstad for støvlar og sykkeldekk.

Frå 1946 kom verksemda inn i fastare former. Det vart danna eit aksjeselskap, Sande Fabrikker A/S. Produksjonen vart då kontorstolputer, skriveunderlag og lister av porøs gummi til buss- og bilindustrien.   Les mer …

Arnold Weiberg-Aurdal, kalt Alla på folkemunne i Sykkylven.
Foto: Sykkylven Rotaryforening
Arnold Weiberg-Aurdal (fødd 18. juni 1925 i Ålesund, død 3. februar 2016 i Sykkylven) var Sp-politikar. Weiberg-Aurdal, som var utdanna agronom, var ordførar i sunnmørsbygda Sykkylven i to periodar (1963-69 og 1990-91). Mellom desse to bolkane i lokalpolitikken sat han 16 år på Stortinget for Møre og Romsdal (1969-85), og markerte seg særleg som samferdslepolitikar. Weiberg-Aurdal var også aktiv som skribent og gav ut bøker om Tysklandsbrigaden, om Stranda og Sykkylven Billag og om si eiga slekt. I 2003 mottok han Kongens fortenestemedalje i gull.   Les mer …

Tomas Tandstad i 2008.
Foto: Asgeir Tandstad

Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.

Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar. Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar.   Les mer …

Ecco-stolen til Møre Designteam (1970).
SapDesign er ei møbeldesignbedrift som vart etablert i 1989 av designaren Svein Asbjørnsen i Sykkylven. Svein Asbjørnsen er son til Asbjørn Asbjørnsen, som i åra 1943 til 1960 dreiv møbeltapetserarverkstad i Knutgarden på Aure. Svein fekk tidleg interesse for møbelproduksjon og formgjeving, og etter fagutdanning i møbel på Borgund Yrkesskule gjennomførte han møbeldesignutdanning ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. I sommarferiane arbeidde han ved designkontoret til Ingmar Relling i Sykkylven. I 1969 var han blant dei første som fekk bransjeforeininga sitt stipend for unge, lovande designarar. Med på samme ordninga var Svein Leirdal.   Les mer …

Vestlandske Møbler i 1953.
Vestlandske Møbler vart skipa i 1929 under namnet AS Sykkylven kurvvarefabrikk. Initiativtakarar var Fridtjof Fredriksen og bror hans, Asbjørn Fredriksen snr. Skipingsmøtet, som vart halde på romet til Fridtjof Fredriksen i Lied-huset på Aure i oktober 1929, samla ti personar, som alle teikna seg for aksjar. Fridtjof var på denne tida kontormann hos Ole T. Lied, som dreiv konfeksjonsfabrikken Fønix. Det var også i fabrikklokala til Lied at korgvareproduksjonen kom i gang seinhausten 1929. Møbelfabrikken i Sykkylven vart på 1960-talet særleg kjend for stolen Siesta, som òg førte til internasjonalt gjennombrot. I 1997 vart bedrifta seld til Ekornnes.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sykkylven kommune
 
Andre artiklar