Forside:Sykkylven kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sykkylven»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Sykkylven kommune
1528 Sykkylven komm.png
Sykkylven kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen ligg på sørsida av Storfjorden og grensar mot Fjord i aust, Stranda i søraust og Ørsta i sørvest. Nordom Storfjorden grensar Sykkylven til Ålesund og Sula kommunar.

Allment

Administrasjonssenteret ligg på Sykkylven, som også inkluderer bygdene/gardane Aure, Ørsneset, Grepstad og Vik. Til saman er det vel 4000 innbyggjarar i tettstaden Sykkylven. Dei to andre tettstadene er Ikornnes med 825 innbyggjarar og Straumgjerde (Straumgjerdet) med 482 innbyggjarar. Dei større bygdene er Velledalen, Hundeidvika og Ramstaddalen .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
John Jarnes
John Jarnes (fødd 27. desember 1915, død 19. desember 2016) er ein tidlegare møbelfabrikant i Sykkylven. Han er fødd på garden Rongen, som son til Karl J. Jarnes. Karl dreiv gard og trevareproduksjon. Spesialiteten var produksjon av trapper. John vanka tidleg i verkstaden til faren, allereie frå 10-11-årsalderen var han med i produksjonen. Etter at han var konfirmert, arbeidde han for faren på heiltid. I 1936 vart han tilsett ved J.E. Ekornes Fjærfabrikk som den første i madrassproduksjonen. Jens E. Ekornes hadde to år tidlegare byrja å produsere metallfjører til møbelindustrien. Med slike fjører kunne ein også lage sengemadrasser. Dette vart starten på produksjonen av dei såkalla Svanemadrassene.   Les mer …

Sandella i 2013.
Foto: Fabrikken

Sandella, Sandella Fabrikken AS, er ein skumplastprodusent i Sykkylven. Verksemda var ved etableringa i 1961 ein avleggar av Sande Fabrikker A/S i Sande i Vestfold. Det var dei to venene Arild Wahlstrøm og Martin Mehren som under krigen gjorde opptaket til Sande-bedrifta. Då møttest dei jamleg sommartida under laksefisket i Lærdalselva, og i Lærdal vart tanken fødd om ein reparasjonsverkstad for støvlar og sykkeldekk.

Frå 1946 kom verksemda inn i fastare former. Det vart danna eit aksjeselskap, Sande Fabrikker A/S. Produksjonen vart då kontorstolputer, skriveunderlag og lister av porøs gummi til buss- og bilindustrien.   Les mer …

Arnold Weiberg-Aurdal, kalt Alla på folkemunne i Sykkylven.
Foto: Sykkylven Rotaryforening
Arnold Weiberg-Aurdal (fødd 18. juni 1925 i Ålesund, død 3. februar 2016 i Sykkylven) var Sp-politikar. Weiberg-Aurdal, som var utdanna agronom, var ordførar i sunnmørsbygda Sykkylven i to periodar (1963-69 og 1990-91). Mellom desse to bolkane i lokalpolitikken sat han 16 år på Stortinget for Møre og Romsdal (1969-85), og markerte seg særleg som samferdslepolitikar. Weiberg-Aurdal var også aktiv som skribent og gav ut bøker om Tysklandsbrigaden, om Stranda og Sykkylven Billag og om si eiga slekt. I 2003 mottok han Kongens fortenestemedalje i gull.   Les mer …

Det herskaplege huset som Erstad sette opp til seg i 1914.
Foto: Eldar Høidal (2012)
Hans Fredrik Erstad (fødd på Erstad i Sykkylven 12. desember 1868, død 1918) gjekk i velmaktsåra sine under namnet «Sandkongen». Han slo seg opp på sal av mursand i samband med gjenreisinga av Ålesund etter brannen i 1904. På grunn av den nære avstanden til Ålesund var Sykkylven ein framifrå plass for slik verksemd. Dette var også ein kommune med gode og lett tilgjengelege sandforekomstar. Som på Erstad. Ikkje berre trong dei sand til attreisinga av Ålesund. Dei trong også kalk og teglstein. Teglstein fekk dei frå Aure Teglverk og kalk og sementstein frå anlegget til Heinrich SchmidtBlindheim. Hans Fredrik Erstad var ikkje den første som selde sand frå Erstad, fortel Fredrik Drabløs som har skrive ein artikkel om Sandkongen. Det skal ha vore Petter Erstad som var pioneren på dette feltet. Hans Fredrik kom i gang litt seinare, men han var nok den beste forretningsmannen av dei to. Han gav kjøparane gode prisar slik at dei ønskte å handle med han. Hans Fredrik Erstad skal ha vore heilt nede i ein pris på 10 øre pr hektoliter sand.   Les mer …

Ingmar Relling.
Foto: Ukjent; faksimile fra Mannila (1996):God form i Norge.
Ingmar Relling (fødd 8. april 1920 i Sykkylven, død 9. april 2002) var ein av nestorane blant norske møbelindustridesignerar. Han tok diplomutdanning ved Kunst- og handverksskulen i Oslo i 1947. Fram til 1950 arbeidde han ved arkitektkontoret som broren, Adolf Relling, dreiv i hovudstaden. I 1950 flytte han tilbake til Sykkylven. Dei neste åra veksla han mellom arbeid som interiørarkitekt og møbeldesignar. Frå 1960 kunne han konsentrere seg om det han likte aller best, utvikling av kvalitetsgode møblar for folk flest.   Les mer …

Petter Kursetgjerde (fødd 12. januar 1913 i Sykkylven, død same stad 29. mars 2010) var ein av pionerane i fagrørsla i Sykkylven, og han var med på å ta initiativet til etableringa av Sykkylven treindustriarbeiderforening i 1945.

Petter Kursetgjerde var yngst av åtte søsken i ein småbrukarfamilie i Hundeidvik. Han hadde i unge år ein draum om å bli lege, men slikt var ikkje til å tenke på for ein med hans bakgrunn.

Han kom tidleg i arbeid og hadde erfaringar både frå Tusvik Møbelfabrikk og Tynes Møbelfabrikk då han byrja ved Vestlandske Stol- og Møbelfabrikk i 1935. Det var medan han arbeidde ved Vestlandske at han tok initiativet til å starte Sykkylven Treindustriarbeiderforening.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sykkylven kommune
 
Andre artiklar