Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Volda»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Venstre del av antependiet i Volda kyrkje
Foto: Fredd Brekke/Volda Husflidslag 100 år
Kunstvevaren Birte Oline Flote (1866 – 1952) voks opp på garden Flote i Folkestadbygd i Volda kommune. Ho viste tidleg interesse for veving og alt som knytte seg til dette. Gjennom skolering og eige arbeid utvikla ho seg til ein kunstvevar på høgt nivå. Ho kom til å bety mykje for husflidsarbeid i samtid og i ettertid, i Volda og mykje vidare.   Les mer …

Dalsfjord kyrkje.
Foto: Widerøe
(1963)

Dalsfjord kommune (herad) er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal. Den vart utskild frå Volda kommune i 1924 og lagt attåt att i 1964. Kommunen var den vestlegaste luten av Volda, med grenser mot Rovde, Syvde, Vanylven kommune og Eid kommune i Sogn og Fjordane. Grensa mellom den nye kommunen og Volda vart sett mellom gardane Rossetvikane og Nautvika.

Dalsfjord herad hadde ei flatevidd på 165,49 km2. Av dette var i 1963 6,03 km2 dyrka eller dyrkande jord og 14,42 km2 produktiv skog. I 1960 var folketalet 1166.   Les mer …

Lestebenken, aldrande og motteten. Der er ikkje noko årstal som kan sei noko om alder, men den er vel frå ein gong på 1800-talet. På forsida er eit hol. Det er nok ein pode frå seinare generasjonar som har funne bor og borvinde som skulle prøvast
(2010)

Lestebenken, tilårskomen, stutthalt og motteten (møllspist). Han har sikkert mykje å fortelja. Siste åra har han hatt eit tvilsamt opphald, vekkstua under taket i eit uthus. I yngre år var han, etter det som er fortalt, del av innventaret på kjøkkenet. Når benken var på kjøkkenet så må det sjåast i samanheng med slik det var før 1900, og kanskje ein del år etter også. Vinterkveldane var det berre kjøkkenet som var oppvarma. Det fall då naturleg at litt skoreparasjon vart gjort der. Ledige stunder skulle nyttast.

Eit hol på framsida, kan tyde på at ein pode frå seinare generasjonar har styrt litt på eiga hand. Benken hyste (innheldt) sko-lestane, og det gjer han framleis. Tidlegare generasjonar laga sine «fotformsko» på desse lestane. Lest er altså ein mal eller modell, og den har litt ymse fasongar og fleire størrelsar. Kor elegant, - ja det er no opp til augene som ser. I tidlegare tider og til ut i 1950-åra, var det vel viktigast å ha sko.   Les mer …

Andreas Aarsetøy f. 1902 har skrive to stykke om Aarset notlag i Årbok 1976 til Sunnmøre museum s. 56 til 58. Det første gjev att eit dokument, «Overenskomst» frå 1897, som syner formalisering av samarbeidet etter «den gamle notlova» etter at notlaget har vore i drift i mange år. Det andre, «Notlaget frå Årset», syner kor nøgne dei var med kontraktar for drifta for ikkje å «ryke i tottane på kvarandre». Ved skriving av stykket har ein korrekturlese mot den orginale protokollen frå Årset notlag.   Les mer …

Sigurd Bjørkedal
Foto: Heidi T. Sletten (2009)
Sigurd Asgeir Bjørkedal (fødd 6. mai 1920, død 15. mars 2011 i Eid) var båtbyggjar, bonde og lokalpolitikar i Volda kommune. Bjørkedalen i Volda har lange båtbyggjartradisjonar, og han var ein vesentleg tradisjonsberar innanfor dette feltet. Arbeidet hans var viktig for å ivareta tradisjonen med å klinkbyggje trebåtar både lokalt på Sunnmøre og i nasjonal samanheng. 21. november 2009 fekk Sigurd HM Kongens fortenestemedalje i sølv. Sigurd Bjørkedal var son av båtbyggjar Daniel Jakobsson Bjørkedal (1880-1960) og Kanutte Severine Sivertsdotter (1888-1985). Sigurd var gift med Signe Aasen (1923-2006) frå Nordfjord. Dei budde på farsgarden Jakobsgarden på Søre Bjørkedalen, Volda. Saman med Signe fekk Sigurd sjølv seks barn, derav tre søner som og vaks opp med arbeidet i båtskotet og i dag fører handverket vidare. Sigurd tok ikkje berre vare på arven frå forfedrane sine, men formidla den òg vidare til sønene sine.   Les mer …

Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.
MB «Arne Longva» M-25-S. Kjennesignal: LDNX. L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen bygde denne båten i 1955 for Leiv Longva, Gjerdsvika. Seinare fekk båten namnet «Straumingen». Båten er nærast kopi av «Nybør» som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar