Atrå Samfunnshus

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Atrå samfunnshus)
Hopp til: navigasjon, søk
Atrå Samfunnshus vart tatt i bruk i 1960. Bygninga var teikna av Øystein Olsen.
Foto: Ukjent fotograf/Widerøe
Atrå Samfunnshus vart opna den 27. november 1960 etter ein lang planleggingsprosess som starta like etter andre verdskrig.[1] Huset vart plassert på Dugningshaugen, som har vore samlingspunkt for bygdefolket i Atrå og Tinn i uminnelege tider. Sidan opninga har samfunnshuset blitt ein viktig møtestad for mange friviljuge organisasjonar og lag i Tinn kommune. Vidare har ei rekkje offentlege organ og private føretak vore leigetakarar i huset.

Bakgrunn – Sognehuset

På slutten av 1800-talet var det ei bølgje av foreiningsdanningar i Atrå: Skilaget, Ungdomslaget og Skyttarlaget vart oppretta i åra fram mot hundreårsskiftet. Alle desse laga heldt møte i det såkalla Sognehuset, som låg på garden Nørstegard sin grunn. Sognehuset romma allereie mange ulike funksjonar i lokalsamfunnet, som skule, bibliotek, heradsstyre og bank. Da dei friviljuge laga og foreiningane kom i tilegg, vart påkjenninga og slitasjen på bygget så stor at det melde seg eit behov for eit nytt og større bygg. Mange meinte at bygget var «ei skam» for kommunen. Tanken om eit nybygg melde seg i løpet av mellomkrigstida, men både dårleg økonomi, politiske spenningar og interessemotsetnader i lokalsamfunnet gjorde det vanskeleg for bygdefolket å bli samde om korleis ein skulle løyse problemet.

Planlegginga og bygginga

Atrå kommunistlag tok initiativet til å byggje nytt samfunnshus vinteren 1946. Dei inviterte ei rad lag og foreiningar til eit innleiande møte om saka den 17. februar. Der vart representantar for 20 ulike organisasjonar samde om å stifte ein komité. Frå denne komiteen vart det utpeikt eit arbeidsutval på fem personar som fekk i oppgåve å leie arbeidet med planlegging av samfunnshuset. Olav Skårberg, som representerte skyttarlaget, ei av dei eldste foreiningane i bygda, vart leiar for utvalet. Ein annan av medlemmene, Asbjørn Bratterud frå Arbeiderlaget, laga ei skisse til forsamlingslokale. På basis av denne skissa utarbeidde arkitekt Egil Behrens frå Porsgrunn meir detaljerte teikningar.

Det vanskelegaste spørsmålet gjaldt lokaliseringa. Fleire alternativ vart diskuterte i dei følgjande åra. I byrjinga av desember 1953 vart det oppretta eit andelslag, AL Atrå Samfunnshus, for å drive prosessen framover. Kjetil Lilleland tok på seg vervet som styreleiar for andelslaget. Omkring to år seinare – i januar 1955 – samla styret seg om Dugningshaugen som det beste alternativet for plassering av samfunnshuset. Dugningshaugen låg på Tinn prestegard sin grunn, som var eigd av Opplysningsvesenets fond og Kyrkjedepartementet. Styret i andelslaget og Tinn kommune tok kontakt med Departementet for å få utskilt ei høveleg tomt. Arbeidet med samfunnshuset fall saman med planlegginga av nytt bygg for framhaldsskulen i Atrå, og Tinn kommune reiste spørsmålet om det var mogeleg å lokalisere skulen med samfunnshuset på tomta. Etter ein viss diskusjon var denne løysinga vedteken, og arkitekt Øystein Olsen fekk oppdraget med å teikne nybygget. Sjølve bygginga vart utført av entreprenør Bjarne Kristiansen frå Kongsberg. Huset fekk ei samla gulvflate på 1800 kvadratmeter og besto av scene med ulike fasilitetar, storesal, veslesal, foajé, garderobe, kafeteria, kontor, bibliotek og bustad for vaktmeister. I tillegg fekk framhaldsskulen fem undervisingsrom.

Samfunnshuset: Ideologisk og politisk kontekst

Frå opningsfesten den 27. november 1960. Det var 320 deltakarar. Dei satt etter måten trongt, vart det sagt etterpå.
Foto: Ukjent fotograf/Tinn kommune
Det nye samfunnshuset vart innvigd med ein stor fest den 27. november 1960. Omkring 320 personar var til stades. Ein sentral gjest var Rolf Hofmo, kontorsjef i Statens ungdoms- og idrettskontor, STUI. Hofmo var den ideologiske hovudarkitekten bak reisinga av samfunnshus i Noreg, og STUI var det statlege organet som gav økonomisk stønad til reisinga.[2] Mellom 1950 og 1987 ble det gjeve stønad til meir enn 763 samfunnshus. Sjølve ideen om samfunnshus vart introdusert på 1930-talet av arkitekten Frode Rinnan, som Hofmo arbeidde tett saman med. Samfunnshuset skulle vere ei vidareføring av Folkets Hus, det fremste arkitektoniske uttrykket for arbeidarrørsla sitt nærvær i lokalsamfunnet. Men i motsetnad til Folkets Hus, som hadde vore arena for berre ei folkerørsle og samlingsstad for «ein undertrykt klasses identitetsskaping», så skulle samfunnshuset bli ei demokratisk nyskaping og heile folkets felleseige. Hofmo og Rinnan knytte samfunnshuset til eit folkedanningsideal som kvilte på dei motkulturelle folkerørslene. Hofmo avviste den tradisjonelle borgarlege kulturen som livsfjernt «åndssnobberi» og arbeidde aktivt for utbreiinga av idretts- og fritidskultur som eit samfunnsskapande og helsebringande alternativ.

Huset i bruk – frå 1960 til i dag

Samfunnshuset i Atrå har hatt eit breitt lokalt funksjonsfelt sidan 1960. For det fyrste har huset fungert som kulturlivets nav. Heilt frå starten har Atrå folkeboksamling hatt eit kontinuerleg tilhald i huset. Da bygdekinoen vart starta opp i 1961, fekk også plass i samfunnshuset. Ved sida av Riksteateret, Riksgalleriet og Rikskonsertane, var bygdekinoen eit tiltak staten satsa sterkt på i året etter krigen. Men på slutten av 1980-tallet fall ordninga bort for Atrå sitt vedkommande. Før Atråhallen vart opne i 1997, var storesalen i samfunnshuset mykje nytta av Tinn Skilag, som arrangerte trimkveldar og ballspel i salen. Huset har også vore nytta av ulike lag og organisasjonar til dansefestar og anna moro. Mange private arrangement som konfirmasjonar, bryllaup og gravferder har også vore arrangert i huset.

Ved sidan av denne breie sosiale og kulturelle funksjonen i bygda, har fleire offentlege kontor og private verksemder hatt tilhald i samfunnshuset. I dei fyrste 20 åra var det legekontor og kontor for helsesyster i lokala. Vidare hadde Jordstyrekontoret og seinare Landbrukskontoret kontorplass i bygget. Tinn Sparebank flytta sin filial i Atrå til samfunnshuset i 1965, men dette tilbodet kom berre til å vare nokre år. Da Landbrukskontoret flytta ut i 1982, kom det derimot ein søknad frå ein statleg etat, Posten, om å leige lokalar. Det blei underteikna avtale, og Posten hadde tilhald i Åtrå samfunnshus heile 16 år. Da tok Atrå Handelslag over med nyordninga Post i butikk.

Referanser

  1. Espeland 2011: s. 6.
  2. Slagstad 1998: s. 339f.

Litteratur

  • Espeland, Per: Atrå Samfunnshus 1960-2010, Styret for Atrå Samfunnshus 2011.
  • NOU 2013: 4, Kulturutredningen.
  • Slagstad, Rune: De nasjonale strateger, Pax Forlag AS 1998.
  • Faktaark fra Kartverket finnes.

Koordinater: 59.98751° N 8.73591° Ø