Aure (fisk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellaure frå Indre Årmotvatnet og Bordalsvatnet i Vest-Telemark.
Foto: Anne Brit Borgen

Aure (nynorsk/bokmål) eller ørret (bokmål, latin Salmo trutta) er ein fisk av laksefamilien. Ein skil mellom ferskvannsaure og sjøaure, men all aure forplantar seg i ferskvann. Skilnaden er at ferskvannsauren lev heile sitt liv i ferskvann, medan sjøauren forlet vassdraga når dei er 2–5 år gamle. Sjøaure kan ofte forvekslast med laks. Han er ikkje like slank som laksen, har høgare halerot og fleire skjell i ei skråline frå fettfinna til sidelinja. Han har også fleire flekkar på sidane og svarte flekkar under sidelinja.

Aure er ein god matfisk, som serverast kokt, stekt, raka, tørka eller salta. Bland sportsfiskarar er aurefisket populært, men det er også noko kommersielt fiske. Ferskvannsauren finst i dei fleste norske kommunar, og han kan gå opp til over 1400 moh. Småaure i fjellvann og -bekkar kallast ofte fjellaure.

Namn

Norsk

Orda aure og ørret kjem av norrønt aurriði.

Samisk

Det mest utbreidde samiske ordet for aure er: sørsamisk dååpmehke, pitesamisk dæbmuk, lulesamisk dábmuk og nordsamisk dápmot. Ordet er lånt frå samisk til finsk i forma tammukko. I sørsamisk blir òg ordet okse bruka.

Galleri