Auskaret (Åfjordsbåt 2000)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Auskaret
Auskaret.jpg
Egennavn: Auskaret
Båttype åfjordsbåt
Lengde 26 fot
Byggeår 2000
Framdriftsmidler: seil og årer
Kommune Trondheim kommune
Lagstilhørighet: Kystlaget Trondhjem

Auskaret er ein åfjordsbåt rigga med gaffelrigg som høyrer til Kystlaget Trondhjem. Medlemsgruppa Auskaran er ein del av Kystlaget Trondhjem.

Auskaret (også kalla Listeren) vart bygd av båtbyggarlærar Lars Stålegård og elevar ved Fosen Folkehøgskule, og vart sjøsett sommaren 2000. Auskaret er ein Åfjordsbåt av typen halvfjerdrømming, dvs den har tre og eit halvt rom. I moderne mål tilsvarar dette omlag 26 fot.

I sommarhalvåret er det regelmessig segling for alle interesserte på Trondheimsfjorden.

Skrog og rigg

Skroget er i utgangspunktet som for ein råseglbåt av denne typen, men er bygd opp med eitt ekstra rip-bord for å tåle den ekstra krenginga riggen gir. Båten er listrifisert, dvs det går vaterbord langs heile ripa. Det er drøyt 120 kg ballast, to par årer samt påhengsmotor i innvendig brønn. Riggen består av storsegl, fokk og klyver, og gir stort fartspotensiale. Ein kjem greitt opp i 5-7 knop ved frisk bris.

Gammel-auskaret

Dagens Auskaret er basert på Gammel-Auskaret (også kalla gammel-Listern), ein omlag 100 år gamal listrifiser Åfjordsbåt. Denne vart ombygd av Helmer og Hans Jørgen Hanssen på Uthaug. Auskaran, som i starten heitte Listergruppa, inngjekk fadderordning for Gammel-Auskaret i 1991. Båten fekk store skader etter uvêr i 1996, og vart sidan brukt som mal ved bygging av Auskaret.