Aust-Telemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Distriktet Aust-Telemark dekkjer den austlege delen av øvre Telemark, det vil seie dei fem kommunane Hjartdal, Midt-Telemark, Nome, Notodden og Tinn. Nome blir i nokre samanhengar rekna med til Grenland.

Aust-Telemark prosti i Den norske kyrkja fell saman med distriktet. Aust-Telemark tingrett er nestan samanfallende, men Nome kommune høyrer til Nedre Telemark tingrett. Næringslivssamarbeid i distriktet er delt: Hjartdal, Notodden og Tinn er med i Kongsbergregionen, medan Bø, Nome og Sauherad er med i Midt-Telemarkrådet.

Distriktet var tidlegare delt mellom to futedømme. Tinn og Hjartdal var del av Øvre Telemarken fogderi, medan dei andre fire kommunane var del av Nedre Telemarken fogderi.

Kjelder