Doblingspant

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilde er frå kulturvandring 11. september 1994. Tema var mellom anna båt. Denne spantveggen som er oppsett er dimensjonert som ein båt på 60 fot. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten.
Foto: Magnar Høydal

Doblingspant er eit dobbelt spant. For folk langs kysten er dette truleg eit kjent begrep. For innlandsbefolkninga seier det kanskje ingen ting. Kort forklart, det er ein tradisjonell byggeteknikk for kravell bygde båtar. Det er bygt av to tømmer med same dimensjon. Tømmer i denne samanheng er den eine delen av det doble spantet. Det eine tømmeret har rot ned på kjølen, det skapar heil binding mellom begge sider. Her kjem gevinsten ved dobbelt spant inn, sefterane overlappa skøytane i spantet. (Sjå legge saman spant lenger ned i stykket.) Lengste enden på rota vender skiftevis til styrbord og babord. På båtar i størrelse 60 – 70 fot er det 6 -7 toms breidde på kvart tømmer. Lengste enden på rota er oftast frå 1,5 meter til opp mot 2 meter. Kortenden mellom 0,7 meter og oppmot 1 meter.

Å finna røter som har ein slik dimensjon og med gode armar er ikkje enkelt. Derfor er det antyda litt ymse med lengda. Det tømmeret som har rot vert kalla spant, og er merka med SP og nummer på spantet. Det andre tømmeret heiter sefter, er merka med SF og nummer. Sefterane på styrbord og babord er felt mot hinannan i ein vertikal skøyt midt på kjølen. Heile spantet si annleggsflate mot kjølen er lik kjølbreidda.

Nedst får spanta litt større tjukne på innsida. Oftast vart berre skuren svinga ut på bandsaga, det skulle ikkje leggast garnering så langt ned. Lèga for kjølsvinet vert skora så ner ein får til på førehand, resten må justerast med diksleøksa. Sideveis med sag eller øks. Slik det vart gjort på Vik, så var 0 spantet på midten, med stigande nr framover og bakover. Næraste spanta til 0 er like store, og når det ikkje er differanse så kan tømmeret skjerast i 90 grader.

Når det går mot begge endar og side og botn på båten skråar, må det speglast att i vinkelen spanta er skorne etter. Det vert kalla mal. Det lyt den som riv spant ta omsyn til. Å rive spant i denne samanheng er å merke av etter modellen på det emnet som høver best. Ei lære med hakk for kvar ½ tomme er hjelpemiddelet for å berekne malen, den andre kanten er linjal for kappmerke. På modellen er avmerka kvar mallinjene er, og kor stor mal som trengst. Alt dette er henta ut frå spanterisset.

Spantemna som er merka vert skorne på bandsag. Å saga presist på bandsag så tunge stokkar er ikkje lett, så det krev ein kraftig kar med hjelparar som føler kva sagaren vil. Sagbordet er stillbart for å sage spant med mal, det kan skråstillast med eit ratt på ein skru. Då vert vinkelen overført til eit malbrett på saga. Den som passar malen må syte for jamne overgangar mellom mal streka etter kvart som det vert mata inn på saga.

Å finne lagelege spantemne vart enklare ved neste steg i utviklinga då ein gjekk over til laminerte spant.

Spantemodellane

I denne artikelen er det vist til modellar av kvart spant, og til spanterisset. Før ein får noko på spanterisset som det kan lagast modellar utifrå, må ein ha eit utgangspunkt. På Vik var det ein halvemodell, kalla blokkmodell, ei side av ein båt som var utgangspunktet. Den var om lag 50 cm lang, og emnet den var laga av var limt saman av lamellar. Denne modellen var forma slik den ferdige båten skulle vera. Spanta vart teikna på modellen som ståande strek, og lamellane ga linjer til å konstruera ut frå. Alle linjer er paralelle med vasslinja. Ved å velga ut nokre konstruksjons-spant, kan ein gange opp alle mål med same faktor, og overføre til malgolvet. Størrelsen på båten avgjer faktoren. Når spanta er teikna inn har ein eit spanteriss. Ut frå spanterisset vert det laga modellar til kvart spant. Denne metoden gir ikkje heilt nøyaktig spant, men finpussen kjem når spanta er røyste og ein tek i bruk dikslestokk og øks. Sjå om diksling i artikelen Hud og dekk. Skal ein ha eit heilt nøyaktig utgangspunkt for spantemodellar må ein bruke linjeteikning.

Frå fyst av i kravellbygging ser det ut for at det er ymse typer modellar som har vore grunnlaget. Det er og heilt naturleg, det var den praktiske erfaringa det bygde på. Dei små båtbyggeria mangla vel teknisk kunnskap i dei fyste åra med kravellbygging, teikningar kom seinare.

Faglitteratur.

Dei mange former for modellar som har vore nytta er vel dokumentert i boka: Torstein, Arisholm, Morten Hesthammer, Åsmund Kristiansen og Tom Rasmussen 2008: Kravellbygging i Norge. Historie, teknikk, utvikling. Hardanger Fartøyvernsenter og Norsk Sjøfartsmuseum. På side 79 har Torstein Arisholm skrive utførlig om blokkmodell, men måten å nytte den på ved Vik, var den lokale.

Legge saman eit spant

På eit spanteplan vert det lagt klossar til å legge dei ferdigskorne delane på. Dette legg ein ut etter modellen, og då slik at det er fritt der ein skal felle saman skøytane. Ein legg fyst rottømmeret, og feller dei andre bitane med SP merke i etter kvart. Alle skøytar skal fellast heilt i hop. Siste felling gjer ein ved snitt med handsaga, tømremannsaga.

Etter kvart som ein skøyt er ferdig vert dei låst saman med ein liten hake. Så legg ein sefterane opp på spantet, og feller saman nedanifrå. Sefterane er skøytte slik at det dannar omskot med skøytane på spantet, tømmeret som vart lagt fyrst. Alle spant i skroget har omskot på skøytane slik at det også vert omskot til spanta som står ved sidan av kvarandre. Der det seinare skal inn rekkestøtter kan det sjå ut som ein bit manglar. Etter kvart tømmer som er ferdig montert, vert tømmera skrua saman med tvinger.

Når denne samansettinga er grei vert det bora og slege inn doblingsboltar. I seinare år var det 5/8 toms galvanisert rund bolt. Tidlegare var det brukt trenaglar, då oftast av eik. Spanta er lagt etter spantemodellen, og stikkmål på breidde i skandekk på kvart enkelt spant. Før spantet vert løyst frå underlaget vert det sett på ein sent i skandekkshøgd, den skal halda breidda på spantet.

Røyse spant

Kjøl, understamn og stamn er monterte saman før spanta vert sett opp. Sameleis stilk, attklossingar og akterstamn, denne vert gjerne montert liggande. Har ein ikkje anna hjelpemiddel til å røyse opp med, stagar ein, ein stolpe av eit eller anna slag. Kunne då henge opp patenttaljar, kjettingtalje. Monterte spant vert røyst opp på kjølen, og innretta i 90 grader mot den. Kjølen er lagt opp etter den kjølstigning det skal vere så då kan spanta settast i lodd. Det fyrste vert midlertidig avstiva til ein får opp fleire og får binde saman så det vert stabilt. Første spantet er oftast nr 0, så set ein opp vidare framover og bakover. Når nokre spant er opprøyst så jamnar ein av og stivar opp med ein eller fleire sentar. Det er grove bord skalma på innsida av spanta.

Etter ei midtlinjesnor rettar ein inn og set på støtter der ein kan justere med kilar. Vidare montering får ein då feste mot denne midtseksjonen. Siste spanta i kvar ende er kantraspant. Det vil sei dei står ikkje 90 grader på kjølen, men heller 90 grader på båtsida. På det viset slepp ein å saga med så mykje mal, og det sparer også material. I mange høve lagar ein modell til desse spanta på staden. Ein set opp horisontale rier frå sponinga og bak eller framover dei spanta som er opprøyste, då ser ein om litt småjustering trengst. Ei vertikal mjuk ri vert lagd på dei horisontale rier, etter den kan modellen merkast. På kvar side av stamnen vert det sett opp to eller tre breitømmer. Dei er bolta til innerstamnen, og gir ei god lege for fremste endane på hudplankane. Breitømmera går vanlegvis heilt oppunder rekkelining. Eit liknande tømmer er det på akterstamnen, men dei går berre til skandekk. Når dette er oppe vert det klargjort for setgangane, men då er ein over på huding. Siste nybygget på doblingspant ved L/L Vik Båtbyggeri vart levert i 1957. Utover i 1960 åra var det ein del forlengingar på båtar med doblingspant. Då vart det sjølvsagt nytta same teknikk og dimensjon på dei som vart sett inn, slik båten hadde frå før.

Kjelde