Elisabeth Andreassen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Elisabeth Andreassen (fødd Andreasson 28. mars 1958 i Göteborg) er ein populær underhaldningsartist. Ho er fødd og oppvaksen ved [[Göteborg i Sverige, men begge foreldra kjem frå Sykkylven, og Elisabeth sjølv dreg ofte fram den sterke tilknytninga ho har til sunnmørskommunen. Elisabeth Andreassen fikk sitt norske gjennombrot i 1985 då ho først vann den norske Grand Prix-finalen, seinare den internasjonale finalen, saman med Hanne Krogh i duoen Bobbysocks.

Elisabeth markerte seg som ein lovande country-songar i Gøteborgsområdet frå 1978. I byrjinga av 1980 vart ho oppdaga av Lasse Holm ved ein countrygalla i Stockholm. Kort tid etter vart ho medlem av bandet Chips og vart med dei på turné til Vest-Tyskland. I 1981 konkurrerte Chips med Elisabeth i den internasjonale Grand Prix-finalen.

I åra 1981-1983 var ho med i musikalen Spøk saman med Bjørn Skifs og Martin Ljung på Maximteater'n i Stockholm, og turnerte rundt i Sverige med Chips.

I 1984 var ho igjen med i den internasjonale finalen i Melodifestivalen, utan nemnande suksess. Det gjekk langt betre året etter då ho gjekk til topps saman med Hanne Krogh. Gjennom merksemda sigeren gav fekk Elisabeth og Hanne fleire førespurnader om å opptre og i åra 1986 – 1987 var dei samanhengande på turné, også i utlandet. Før sigeren vart sikra, hadde dei lova å halde konsert i Sykkylven i samband med Sykkylvsdagane. Dei heldt meir enn lovnaden, dei ville halde den første konserten etter Grand Prix-sigeren i Sykkylven. Lokalavisa Sykkylvsbladet kom ut med si hittil einaste ekstrautgåve der overskrifta på framsida var: «Bobbysocks kjem til Sykkylven i dag!!! Europa må vente.» Sykkylvsbladet hadde to utgjevingsdagar pr veke, onsdagar og fredagar. Konserten i Sykkylven skulle vere på ein tysdag, tre dagar etter finalen i Gøteborg. For å få avisa ut i tide vart den lokale russen kontakta og dei sørga for å få informasjonen ut til alle husstandar i rett tid. Det var fullsett i Storhallen då Bobbysocks heldt sin første konsert etter sigeren. Få veker seinare kom Bobbysocks tilbake til Sykkylven for å opptre under Sykkylvsdagane. Til denne konserten, ved friluftsscena bak Storhallen, kom det bortimot 10.000 publikummarar. Aldri før i moderne tid hadde det vore samla så mange menneske til eitt arrangement i Sykkylven. Det var Elisabeth Andreasson- og Bobbysocks-feber i møbelkommunen. Det var under denne konserten dåverandre ordførar, Johan Welle, opplevde eit av karrierens høgdepunkt; då han fekk danse på scena saman med dei populære Bobbysocksjentene.

Bobbysocks vart løyst opp i 1988 og artistane satsa på eigne karrierar. Elisabeth flytta til Oslo i 1990 og kom i åra framover til å delta på eit breidt felt, med teateroppsetningar, plateinspelingar, turnéverkerksemd og enkeltoppdrag. I 1991 var ho med i musikalen Sweeney Todd på Det Norske Teatret, og i 1994 i Dizzie Tunes-revyen Dizzie og damene på Chateau Neuf. Etter at ho gifta seg i 1994, tok hun namnet Elisabeth Andreassen.

I 1994 var ho igjen med i den norske Grand Prix-finalen, saman med Jan Werner Danielsen. Dei kvalifiserte seg for den internasjonale finalen der dei kom på sjette plass. Ho song aleine i den same tevlinga i 1996, med songen I evighet, som hamna på andre plass i den internasjonale finalen. I åra framover gav ho ut ei rekkje plater, og fleire av dei nådde høge salstall. Fram til 2013 var Elisabeth Andreassen med i 11 Grand Prix-arrangement, inkludert fem deltakingar i den internasjonale finalen.

Elisabeth Andreassen har blitt ein folkekjær artist i Noreg, men folk i Sykkylven har nok eit heilt spesielt tilhøve til henne. Dette verkar å vere gjensidig, for Elisabeth let sjeldan sjansen gå frå seg til å understreke den sterke relasjonen ho har til Sykkylven og ætterøtene her. Folk over heile landet har av henne lært at kommunenamnet ikkje vert uttala "Sykkylven" eller "Sykkulven", men "Sykkjølva". I barndomen var ho ofte på vitjing hos slektningane på Hjellane. I dei seinare åra har vitjingane blitt sjeldnare, men ho held framleis nær kontakt med onklar og søskjenborn i Sykkylven.

Kjelder