Furubo (Bykle gnr 15/68)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Furubo
Gjerden 60e.jpg
Furubo pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 68
Type: Bustadeigedom

Furubo er tomt nr 9 i Øvre Sarv i Bykle. Tomta vart utskild frå bnr 11 i 1978, då entreprenørselskapet A/S Thor Furuholmen kaupte henne av Bykle kommune, og sette opp eit bustadhus. I 1981 selde Furuholmen eigedomen til I/S Øvre Otra.

Dei som budde her frå 1978 var Olav Mandt og familien hans. Etter noko over eit år her slutta Mandt hjå Furuholmen og gjekk over til I/S Øvre Otra. Han og familien hans flutte då til eit hus noko lenger ned i Øvre Sarv som høyrde til det selskapet (gnr 15, bnr 94, Gegabu).

Då Mandt flutte ut flutte Kjell Dahl inn.

  • Kjell Dahl, f 1936
g 1. m Maria Petra Vedvik, f 1940, d 1989. Born:
  • Knut Sverre, f 1960, gbr., sosionom, busett Volda
  • Anita Irene, f 1962, kokk, busett Asker
g 2. m Olaug Nernæs, f 1958. Born:
  • Olav, f 1991
  • Ingebjørg, f 1993
  • Åslaug, f 1995

Kjell Dahl er frå Volda. Han kom til Bykle i 1980, og arbeidde som montør for Furuholmen, sidan for I/S Øvre Otra, inntil han vart vaktmeister i Bykle kommune i 1988. Petra Marie Vedvik Dahl var frå Måløy, og dotter åt Alette og Jacob Vedvik.

Kjell Dahl leigde huset her hjå kraftselskapet, inntil han og den nye kona hans kaupte det i 1990. Olaug Nernæs Dahl er frå Mundheim i Hardanger, og dotter åt Peder K. Nernæs og kona, Oddbjørg. Ho kom til Bykle som lærar på Bykle skule i 1985, og arbeider framleis der (2006).


0941 Bykle komm.png Furubo (Bykle gnr 15/68) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lyngtun • Neste bolk: Furuli