Lyngtun (Bykle gnr 15/67)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lyngtun
Gjerden 60d.jpg
Lyngtun pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 15
Bnr: 67
Type: Bustadeigedom

Lyngtun ligg i Øvre Sarv i Bykle, og er tomt nr 8 på det byggjefeltet. Grannen på vestsida er Angerd Gjerden, på austsida bur Kjell og Olaug Dahl.

Tomta vart utskilt frå bnr 11 i 1978, då ingeniørfirmaet Selmer kaupte henne hjå Bykle kommune. Selmer sette opp eit seksjonshus frå Moelven, og hadde tilsette med familiar buande her nokre år, men me har ikkje lukkast i å finne ut namna på desse.

I 1983 kaupte Bykle kommune huset her hjå entreprenørselskapet. Fyremålet med kaupet var å skaffe seg ein tenestebustad for den daglege leiaren ved vindaugsfabrikken, som på denne tid var under planleggjing og oppbyggjing.

Ettersom me i denne boka i hovudsak berre handsamar busette einingar, skulle me kanskje helst sett bort ifrå vindaugsfabrikken. Men på den andre sida meiner me at denne har vore eit altfor viktig innslag i bygda dei siste 15-20 åra til at det kan vera forsvarleg å la han stå heilt ukommentert. På denne bakgrunnen har me då valt å take med eit par hovuddrag av historia til fabrikken på denne staden, ettersom dei daglege leiarane der budde i dette huset i åra frå 1984 til 1996.

Fabrikken, med namnet L/L Bykle Industri, kom til etter kommunalt initiativ i 1982/83. Forretningsideen var, og er framleis, framstilling av skreddarsauma vindaugo. Verksemda var i all hovudsak kommunal til ho vart selt til Natre Invest (Tor og Runar Skogheim i Larvik) i 1989, og då skifte namn til A/S Bykle Vindu.

Åge Bakken, som var den fyrste daglege leiaren, kan ein lesa meir om i bolken om Sarvsjå, bnr 66 ovanfor. Etterfylgjarane hans har me ikkje funne ut stort meir om enn kva tid dei var her, men etter det som vert opplyst av folk som kjende dei, er det likt til at dei alle vekependla til Bykle, og hadde familiane sine buande andre stader.

I 1986 brann kontor- og lagerbygget på fabrikken. Etter dette slutta Bakken, og nestemann i stillinga laut då på mange måtar byrje på nytt. Det gjekk nok tungt, for Bjørn Eriksen, som overtok etter Bakken, var her berre frå sumaren 1986 og eit stykke inn i 1987, då han fekk han avløysing av Erik Rune Olsen frå Skien.

Sistnemnde fungerte heller ikkje lenge i stillinga, berre til noko inn i 1988, då Willy Arnt Sjaavaag (fødd 1945) frå Tvedestrand overtok. Liksåvel han vart berre ei kort tid her, 10 månader, fortel han. Til nyttår i 1989 kom Tore Markman (fødd 1948) frå Larvik, og han arbeidde her til ut juni 1996. Me har ikkje lukkast i å oppspore Olsen, men Eriksen bur i Oslo og arbeider i Norges Eksportråd, og Sjaavaaag bur i Tvedestrand, og arbeider som arkitekt og bygningsingeniør, medan Markman har skifta bransje og vorte metodistprest i Larvik.

Då Markman flytte ut kom den fylgjande familien:

  • Karin Hvenekilde Røskar, f 1967
g m Stig Røskar, f 1964. Born:
  • Maren, f 1987
  • Mads, f 1992

Karin var arbeidsleiar på vindaugsfabrikken frå august 1996 til januar 1997, medan mannen hennes pendla til Eidsvoll. Familien har sidan budd i Sørum.

Den 24.1. 1997 vart vindaugsfabrikken slegen konkurs. Etter konkursen vart firmaet med bygningar og produksjonsutstyr selt til A/S Bykle Industri. Alt 11.2. hadde dei nye eigarane fått drifta i gang att. A/S Bykle Industri er eit holding-selskap med to eigarar, Daniel S. Homme og Terje Jørgensen. Forutan fabrikken her driv selskapet også Kilen Trevare i Søgne og Grindland Trevare i Finsland.

Daniel Homme har fungert som fabrikksjef ved A/S Bykle Vindu sidan overtakinga. Han er frå Valle (jfr. Valle V, 367), men har budd i Kristiansand, rett nok med ein tur til Bykle kvar veke.

Sommaren 2000 vart verksemda utsett for ein ny brann i kontor- og lagerbygningen, men dette uhellet greidde ho å koma over utan korkje produksjons- eller leveringsstopp, og utpå hausten sto nye lokale klare til bruk. Trass i det nemnde tilbakeslaget har lønsemda teke seg opp heile vegen etter det siste eigarskiftet. Fabrikken har for tida (2003) 16 tilsette.

A/S Bykle Vindu overtok huset her frå kommunen i 1998, men som nemnt ovanfor har Daniel Homme budd i Kristiansand, og på denne bakgrunnen har han overlate bustaden her til ein av dei tilsette.

  • Rolf Eidismo, f 1956, ug

Rolf Eidismo er frå Steinkjer, og son åt Svein og Ruth Eidismo. Han kom til Bykle som produksjonsarbeidar ved vindaugsfabrikken i 1986. Inntil han flutte opp i hovudetasjen i huset her i 1998, budde han i hybelen i underetasjen.


0941 Bykle komm.png Lyngtun (Bykle gnr 15/67) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sarvsjå • Neste bolk: Furubo