Halvor Akerhaugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvor Akerhaugen som student,
Foto: Faksimile frå Norske skulefolk (1934)

Halvor Akerhaugen (fødd 4. juli 1897 i Sauherad, død mai 1971) var lærar og skyttar.

Han vaks opp på garden Akkerhaugen i Sauherad, som son av Johannes (1871-1938) og Ingeborg Akkerhaugen (1867-1902). Halvor Akkerhaugen var eldst i ein syskenflokk på ti (mora døydde tidleg, så faren gifta seg opp att og fekk fem born med den nye kona). Akkerhaugen tok millomskuleeksamen i 1916, artium i Skien i 1918 og dinest eksamen ved Notodden lærarskole i 1921.

Akkerhaugen var tilsett ved Tinn framhaldsskule. Han var òg formann i skyttarlaget i bygda. I Sauherad bygdebok (1985) skriv Birger Kirkeby at Akkerhaugen «bur i Tinn Austbygd».

Halvor Akkerhaugen vart gift med Marie Dorothea Holm, dotter av Inga og Christopher Holm.

Kilder og litteratur

Eksterne lenker