Kvamme i Oldedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvamme i Oldedalen

Bruka på Kvamme: Nigard Utigard Sjur Johans Ingebrigt Utogned Kvamme øvre Kvamsland Solbakken Fjelltun Plassefolk

Les meir om garden Førde som forsvann, og som no er lagt til Kvamme - Førde (tidlegare gard i Oldedalen)

Namnet Kvamme

Luftfoto Oldedalen 1949. Viser Kvamme nede til venstre. Melkevoldsbreen i bakkant.
Foto: Nasjonalbiblioteket/Widerøes flyfoto

Namnegranskaren Olaf Rygh: Ivar Aasen forklarer "KVAM" i sin ordbok 1850: Den gammalnorske forma var Hvammr, i dat. Hvammi som tyder ein stutt, flå dal, med opning til eine kanten. Namnet høver godt etter lendet. Namnet er i mellomalderen skrive: Huamme (dat.), sidan Quamme, Quame, Qvamme. (Aaland II s 88)

Fornminne

Frå Oldssaksamlinga har me fylgjande tekst, henta frå Per Fetts serie ”Førhistoriske minne på Vestlandet”. [1]

For var før eigen gard, men skreid ut. Funnkartet nr. 1. Johan J. Kvamme, bnr. 1. Grav låg "innunder Hamrane", som er eit hamralag S for tunet. Funns taden er 200 m SV for stova, 6-8 m nedanfor hamaren der han er låg, noko N for midten av heile laget. Der er flinthard leirbotn og like nedanfor er eit søkk etter leirtak. På leira var ein del runde steinar som forma eit rom, steinlaget skal ha vore 13 m i tvm. I romet låg sverdodden mot S. Det såg ut som det var brent på steinane, men oldsakene er ubrende.

Funnkartet nr. 2 Vik. ubrend mannsgrav frå fk. nr. 1. Her er sverd, øks, spjut, to piler, skjold, to knivar, hamar, sigd, bryne, steikepanne, klebergryte. Alt så nær som gryta er deponert i U. O. der dei har nr. C 23588. Tilv. i B. M. Årbok 1922/23 og U. O. Årbok 1943-44.

Skiferbryne f. i Høgalmebakken. Tilv. i B. M. Årbok 1922/23. Kelt. klebergryte f. i Høgalmebakken på bnr. 5, Markus Kvamme.("Høgalme-" har ikkje noko med gnr. 23 å gjere). Staden er 150 m S for fk. nr. 1, 15 m VSV for sørenden av hamralaget, der ein liten bekk renn ut. Her er tre grusrygger som no vert utjamna, funnet er gjort i den sørlengste og største, utvaska av regn på overflata etter jordarbeid. Nr. 2 på funnkartet. Tilv. i B. M. Årbok 1922/23. Litteratur: Shetelig 1932 s. 39, 49.

Frå gardshistoria

Kvamme - eller Huamme - er nevnt i dokumentet datert 19. januar 1340 i Alda (Olden). Denne dagen hadde Ivar på Rake regnet opp for Olaf Ogmundssøn landskyld, ødegårder m.v. i Alda skiprede. Simon, prest i Alda og tre andre menn bekrefter dette. Se [[1]].

I 1567 svarar Quamme 1 gsk. 1 bsk. i leiding. Leidingen var ein skatt til kongen, med namn etter den gamle forsvarsordninga (leidang). I nokon grad var leidingen eitt uttrykk for størrelsen på garden.

Same år - 1567 - var landskylda om lag 1 1/2 laup.

Garden er menmd i bispejordboka i 1585. Då eig prestebolet i Innvik 1/2 laup og 1 sau i garden. Sidan eig prestebolet 5 1/2 pund, resten var bondegods. Aaland skriv "Det er likt til at kvart slag gods låg for seg. I 1650-åra var tre bruk berre prestebolsgods, to bruk berre bondegods, men i sjette bruket (berre 1/2 pd) var 1/3 prestebolsgods og 2/3 bondegods. I 1683 er bruka skipa slik at prestebolet åtte 1 pd. i kvart av dei fire halvlaupsbruka, og av dei to pundsbruka var det eine heilt prestebolsgods; de andre åtte prestebolet halva av. Prestebolsgodset er no løyst." (Aaland II s 89)

Åsætestrid i 1651 Jacob Aaland fortel:

”I 1651 var her ein heit strid om åsæte til ½ laup. Det året klaga enkja Kari Rasmusd. til lensherre Ove Bielke over at Oluf Olson tok ifrå henne ½ laup prestebolsgods, som ho var nærast å bruke. Ove Bielke baud foten å få ende på striden anten ved semje eller dom, så ho fekk sin rett, men kunne ikkje det la seg gjere, fekk saka stå ut til dess han sjølv kom til Nordfjord.

Av Kari sitt prov får ein vete at Steinar, faren åt mannen hennar, rudde garden og budde her si livstid, og han sette dei to sønene sine, Lasse og Endre, på garden etter seg. Endre var mannen hennar. Da han døde, tok ein framand mann, Oluf Olson, ½ l. prestebolsgods, som ho og sonen Håvard Endresen tyktest nærast til å bruke, frå henne, så ho hadde berre ½ pd. att.

Hertil svara Oluf og prova at Håvard sin far, og sidan mora hans, hadde brukt godset i mange år, men då ho av armod ikkje vann å svare landskyld og andre utreidsler, bygsla presten P. Gjebleson godset til grannane hennar på garden. Sidan vart godset bygsla til Eirik Simonson, som budde der på si levetid, og så fekk Kari sin stykson, Anders Endreson, som var gift med Eirik si enkje, bygsle godset, og han óg hadde det si levetid, og så vart enkja gift att med Simon Pederson som óg hadde bruket si levetid. Så vart enkja fjerde gong gift med Ola Olson, som fekk bygsle godset med presten (i 1647), og som no (i 1651) var brukar.

Oluf sitt prov vart stadfest av tre vitner, og Oluf Olson vart difor tildømd godset til bruks.

Enno stogga ikkje striden, men i 1656 vart Oluf og håvard samde slik at Håvard fekk bruke ½ pd. prestebolsgods imot at Håvard betalte Oluf att 1 rdl. som Oluf for fire år la ut i bygsel for godset.” (Aaland II s 89-90)

I 1659 finn me ein åstedssak mellom Kvamme og Rustøen om ein slotteteig.

"I 1602 var garden tre, i 1606 fem og i 1640-åra seks bruk. Dei fem var jamnstore = 1/2 l., og eitt var berre 1/2 pd. I 1670-åra vart det miste bruket lagt attåt eit av dei andre, og så vart det kløyvt i to jamnstore bruk." (Aaland II s 89)

I 1626 var landskulda 2 1/2 l. Garden hadde "temmelig avling". Det var mange luteigarar og dei fire brukarane hadde "ringe formue".

I 1657 var fodnaden på heile garden 1 hest, 52 kyr, 53 sauer og 27 geiter. I 1667 5 hestar og 46 kyr. Avlinga var 34 tunner havre.

I 1661 hadde garden tre kverner.

Det vart semje mellom Håvard Endreson (Nigard) og grannen Ola Olsson på bruk 3 om 1/2 pund prestebolsgods som Håvard skulle bruke mot å svare Ola 1 riksdalar av dei bygslepengane han la ut for fire år sidan.

I 1653 vart avteke 2 1/4 pund - derav 1 1/4 pund av prestebolsgodset og 1 pund av bondegodset. I 1672 vart pålagt 1/2 laup.

I 1723 ville matrikkelnemnda ta av 12 mark av di garden - særleg i 1715 - leid skade av elvabrot og fonnlaup.

I 1723 var fodnaden på heile garden 5 hestar, 29 kyr, 31 sauer og 31 geiter. Avlinga var 25 tunner havre og 10 tunner bygg.

Kamp mot flaum og skred

Sjå Elveforbygging i Oldedalen.

Flaum på Kvamme i Oldedalen
Foto: Anna Kvamme Homdroms album/Jarl V. Erichsen

Kvamme i Oldedalen ligg i Oldedalen i Stryn kommune.

Sjå Førde (tidlegare gard i Oldedalen).

Flaum 1875

Bergens Adressecontoirs Efterretninger melder 23. oktober 1875 om stri flaum på Kvamme

I en artikkel i Bergens Adressecontorirs Efterretninger for 23. oktober 1875 får vi en god skildring av dramaet i Oldedalen og på Kvamme 17. og 18. august 1875.

Sommeren 1875 var god, været var godt. Men 17. og 18. august gikk det et voldsomt nedbør over de øverste delene av Loen og Olden. Dette førte til at elvene som startet fra Jostedalsbren fikk stor vannføring, vokste raskt, gikk ut over sine bredder og dro med seg stein, grus og sandstøv. Dette gikk verst ut over gården Kvamme og Ytre Nesdal i Loen.

Vannet strømmet ut over jorder der kornet ennå ikke var høstet.

På Kvamme var Fredrik Olsens hus mest utsatt. Elven strømmet gjennom tunet og rundt tunet på alle kanter. For å komme til husene måtte man vade til langt over knærne. Etter hvert som naboene ble klar over skaden, kom mannfolkene til stede. De forsøkte å demme opp vannet slik at det fulgte sitt opprinnelige leie. Dette var et livsfarlig og helseskadelig arbeid, da man over lang tid vadet helt opp til hodet. Arbeidet varte i nær halvannet døgn.

Gårdene Rustøen og Storesunde ble også utsatt for elvebrudd, men dette førte ikke til vesentlige skader.

Årene før hadde man arbeidet med å bygge demninger for å begrense slike skader fra "Oldedalens Elv". Offentlige myndigheter hadde støttet dette. Dette bidro til at skaden ikke ble større. Men i august 1875 var det sideelver som skapte størst skade.

1907

I siste del av februar 1907 gjekk det fleire skred i Nordfjord. I Ørebladet heiter det mellom anna: "Paa Kvamme i Øvre Olden har et stort Skred ødelagt flere Sommerfjøs, Laaver, Sæterhuse, Kværnhus og etpar Huuse paa Gaarden, men intet Menneskeliv er gaaet tabt."[2]

1911: Støtte til forbygning av Sulkja

Elva Sulkja kunne til tider skape vanskar for folket på Kvamme. Nordre Bergenhus amtsting ga kroner 230 til forbygning av elva ikring 1911. Heile prosjektet er berekna til kroner 2100.- og amtstinget forutset at Indvik herred yter kroner 115.- og at staten dekker 2/3 av kostnaden.[3]

1913

Også i 1913 vart Kvamme plaga av flaum. I Gula Tidend heiter det i oktober: "Flaumen hev gjort stor skade i Nordfjord fyrre vika, ser daa i Stryn. Paa Kvamme i Olden braut Kvamselvi seg ytover aaker og bø. Ho hadde nære paa fore med ein fjøsmur. Storeelvi fløymde utetter alle bøarne."[4]

Over Jostedalsbreen

Amund Helland utgav i 1901 ei større skildring av Nordre Bergenhus[5]. Der finn vi ei skildring frå ikring 1750 av Matthias Foss der han viser korleis Kvamme var eit naturleg punkt på kryssing av Jostedalsbreen i gamal tid:

«Over denne Iisbræ kan man fare til og fra Justedalen paa tvende Steder til Indvigs Præstegield i Nordfiord, baade gaaendes og farendes med Kløv og Kreaturer, som man der pleier at tilforhandle sig. Nemlig her i Krondalen reiser man fra Gaarden Bersæt til et Annex, kaldet Aalden, hvor den første Gaard, man kommer til paa hiin Side af Bræen, kaldes Qvame; og bestaaer denne Veis Længde af halvtredie Miil. Her er Iisbræen saa stor, at Skyerne støde an paa den, og de høieste Fielde ligge dybt neden for den som en Afgrund, at man knap engang kan see dem, mindre tage Mærke paa dem til sin Reises Fortsættelse, saa man, for ikke at fare vild, har opsat Varer paa Bræen af Træ som Milepæle og endda maa man have med sig herfra velbekiendte Folk til Ledsagere; at man ikke skal enten fare vild eller falde ned i de forborgne dybe Huler og Gab, som paa sine Steder findes paa Bræen, hvor Sneen kan være sammendreven og ligge løselig ovenpaa Hulerne og bedække dem. Denne Vei fares ei saa jevnlig, saasom den besværligste og farligste.

Fjeldovergangen fra Olden til Aamot i Jølster[6]:

"Over Bræen til Jostedalen kan gaaes med god Fører. Her er noget lettere Opstigning end fra Loen. Jostedølerne kom i 18. Aarh. ofte over til Kvamme i Olden og bad om Korn; siden bar de Kornsækkene selv over Bræen, ofte til lige under Jul. Det fortaltes da, at disse Folk klarede selve Bræen paa 2 T. Ifølge Lars Jonssøns Beretning om en Tur i August 1887 er her følgende Afstande: Fra Oldøren til (l 1/2 T.) Sunde; (6 T.) Begyndelsen af Bræen; (10 1/2 T.) Varden paa Bræens høieste Ryg; (12 1/2 T.) Bræens Endepunkt; (14 l/2 T.) Berset og (15 l/2 T.) Kronen i Jostedalen.

Foruden af de ved Oldøren boende Førere føres der ogsaa fra Brigsdal til Kronen af Anders E. Brigsdal og Rasmus R. Aabrekke, som i den Anledning have "optaget" en Vei over Bræen."

Om bruk og brukere

Tidligere brukere og folk på Kvamme

Lensregnskapet 1563

I lensregnskapet for Bergenhus len for 1563 finner vi:

  • Steinar Kvamme: "Stenner po Quamme j daler"
  • Ivar Før: "Jffuer po Fur j daler"

Skattematrikkelen av 1647

I 1647 finner vi disse på garden:

    • Olle Quamme - bruker 1/2 laup smør
    • Olle Ollsenn Quamme - bruker 1/2 laup smør
    • Olle Lassesen Quamme - bruker 1/2 laup smør
    • Andbiørn Quamme - bruker 1/2 laup smør
    • Rasmus Quamme - bruker 1/2 laup smør
    • Enchenn - bruker 1/2 laup smør

Andre

  • Aamund Rasmusen Quame, Ole Haversen Quame og Rasmus Johansen Quame er blant underskriverne i 1709 på et brev til Stiftsamtmannen. Der gjentar de sin klage over bondelensmannen Christian Biørnschou og krever ham avsatt.[7]
  • I 1794 avholdes det skifte etter "Gaardemand" Anders Haaversen Qvame.[8]

Dei enkelte bruka

Vi skriv artikkel for kvart bruk:

Andre notater

Sætrer

I 1933-37 samla Institutt for sammenlignende kulturforskning informasjon om sæterbuk. Der finn vi noko informasjon om sætrane på Kvamme[10]:

Gardsnummer 17 - Kvamme

  • Bruk 1 - Utigard - Kvamssætri (ytste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.
  • Bruk 5 - Ut- og nedbruket - Kvamssætri (ytste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.
  • Bruk 2+3 - sjurbruket - Kvamssætri (inste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.
  • Bruk 4 - Ingebrigtbruket - Kvamssætri (inste) - 2,5 km særaust for garden - ligg på 490 meter over havet - i bruk som sumarsetr.

Minner og utklipp

Gardene i Oldedalen i nåværende Stryn kommune

Bak-Yri | Briksdal | Høgalmen | Kvamme med Førde | Melkevoll | Myklebust | Mykløen | Rustøen | Yri indre | Åbrekk | Åberg med Tungøy

Referanser

  1. (Ref. In 5 / 1318 II / LP 8443 / AU 086-1 / 509.E6 / KVAMME, gnr. 97.)
  2. Ørebladet 27/2/1907
  3. Nordre Bergenhus Amtstidende 28/6 1911
  4. Gula Tidend 27/10/1913
  5. Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse . 14 D. 1 : Nordre Bergenhus Amt: Den almindelige del
  6. Yngvar Nielsen: "Reisehaandbog over Norge" 1893
  7. https://www.nb.no/items/da97ddbb8dd3d33baefa1da0b2e2f6fc?page=73&searchText=Quame
  8. Efterretninger fra AdresseContoiret i Bergen" 17/5 1794
  9. Bergens Adreessecontoirs Efterretninger 17/5/1794
  10. RA, Instituttet for sammenlignende kulturforskning, F/Fc/L0012: Eske B12:, 1933-1937, s. 105 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/pr10081308202125