Peparkaker

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nybaka peparkaker.
Foto: Olve Utne

Peparkaker (nynorsk) eller pepperkaker (bokmål; svensk pepparkakor, dansk peberkager) er ein sort tynne, sprøe kaker som får den krydra smaken sin frå ingefær og minst eitt anna krydder, men ikkje alltid pepar. Frå tidlig på 1800-talet har peparkaker særlig vort assosiert med jula i Skandinavia (og i Noreg blir dei gjerne medrekna blant dei sju kakeslaga ein skulle ha til jul), men dei blir etne i andre samanhengar og på andre tider av året òg. Den 9. desember er «pepparkakans dag» i Sverige.[1][2][3]

Historie

Seglet til kong Hans (1455–1513), som fikk føreskrive peparkaker mot dårlig humør av dokteren sin.

Den første dokumenterte bakinga og etinga av peparkaker i Skandinavia fann stad seinhausten 1335, trulig på Båhus festning på den daverande grensa mellom Noreg og Sverige: Reknskapa for råvareinnkjøpa til bryllaupet mellom} kong Magnus VII Eiriksson av Sverige, Noreg og Skåne og Blanca av Namur opplyser tydelig at dei baka peparkaker. Enno på 1500-talet vart det likevel importert peparkaker: Gustav Vasa (1496–1560) skreiv til Germund Svensson om eit skip som førliste ved Öland og vart heilt sundslege, slik at lasta — som inkluderte peparkaker — vart forderva. I Noreg veit vi om at det har vore baka peparkaker sidan 1600-talet.

Peparkakene vart ofte baka av nonner, og dei vart selt som medisin for ymse plager på apoteka. Unionskongen Hans (14551513) vart føreskriven å eta peparkaker mot det dårlige humøret sitt av dokteren sin,[4] og enno lever myten om at ein blir snill av å eta peparkaker.

Form og ingrediensar

Peparkakehus
Foto: PatríciaR

Peparkakene blir utkjevla til tynne leivar og utstukne med peparkakeformer til former som er typiske for høgtida dei blir etne under. Som julekaker blir dei gjerne forma som hjarte, stjernor, bukkar, griser, grantre og andre julesymbol. Andre populære former inkluderer andre dyr så vel som menneske — inkludert peparkakemenn og peparkakekjerringar. Til ḥanukká kan typiske former inkludere davidsstjerner, ḥanukkiljas, dreidlech og andre jødiske symbol.

Historia til peparkaka ser ut til å vera veldig lang, og les vi kva for ingrediensar som vart bruka i peparkakene i mellomalderen, er det ikkje mykje som skil dei frå moderne peparkaker, anna enn at dei faktisk oftast inneheldt pepar. Dei smaka nok ganske likt. Basisen for peparkakedeigen er kveitemjøl, sirup/sukker, fløyte og smør. Hevemiddelet er tradisjonelt hjortesalt eller pottoske, og i nyare tid gjerne natron. Det vanligaste krydderet i peparkaker er ingefær, og i tillegg oftast svartpepar og/eller kanel. Andre vanlige krydder i peparkaker inkluderer nellik, og i Sverige ofte pomeransskal òg.

Peparkakebyen i Kristiansund i desember 2007.
Foto: Harald Oppedal

Peparkakehus

Til jul er det vanlig mange plassar å baka peparkakehus — småe husmodellar med vegger og tak av peparkake. Peparkaker som skal brukast til peparkakehus er ofte tjukkare enn vanlige peparkaker, slik at dei lettare kan halde forma. Til pynt og til samanføying av delene blir det bruka ein hard melisglasur som er laga av melis, eggekvite og enten sitron eller eddik som nokre gonger blir kalla kongeglasur eller royal-glasur i Danmark og kristyr i Sverige. Mange plassar blir det halde konkurransar i peparkakehusbygging. På stadig fleire plassar i Noreg blir det arrangert årlige peparkakeby-dugnadsprosjekt — i Bergen alt frå 1992. Peparkakebyen i Kristiansund vart arrangert for 6. gang i desember 2008.

Oppskrifter

Ingrediensar:

  1,5  dl sukker
 60    g  smør
  1,5  dl sirup
  1,25 dl fløyte

  0,5  ts pepar
  1    ts ingefær
  1    ts hjortsalt
  1    ts nellik
  1    ts kardemomme
  1    ts kanel
  6,5  dl mjøl

Framgangsmåte:

Bland mjølet, hjortesaltet og krydderet. Varm opp sukkeret, smøret, sirupen og fløyten under omrøring på svak varme til smøøret har smelta — hugs at det ikkje skal koke opp. Når smøret er heilt oppløyst, sikt tørrvarene oppi og rør deigen godt saman. Dekk over deigen og sett han på ein kald stad (f.eks. kjøleskåp, kjellar eller yttergang) i minst 12 timar — heilt til vi skal kjevle ut kakene.

Deigen er mykje lettare å arbeide med når han er kald, så når peparkakene skal bakast, tek vi inn berre nok deig til éin omgang med utkjevling i gongen. Kjevle ut deigen til tynne leivar med minst mulig ekstra mjøl. Stikk ut kaker av leivane med peparkakeformer, eller eventuelt med drikkeglass. Legg dei utstukne kakene på kald bakeplate — enten smurt eller dekt med bakepapir. Steik peparkakene midt i omnen til dei blir gyllenbrune (ved ca 200 °C: ca 7 min).

Peparkaker i verdsrommet

Den svenske astronauten Christer Fuglesang baud på peparkaker i verdsrommet.[5] Dessverre smuldra kaken stort sett sund under oppskytinga, så seinare sveva det småsmuler kring i romferja som dei laut «svømme» etter og eta som fiskar. Etter ei stund kom Christer på at han kunne stappe alt i ein stor plastpose som dei forsiktig kunne ta seg ein bit av når dei ville ha.

Fotnotar

Lenkjer


Creative Commons License