Ragnar Standal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Ragnar Standal, 2008
Foto: Knut Hustad

Ragnar Standal (fødd 24. september 1929 på Ytre Bakkane på Yte-Standal, død 14. august 2013HjørundfjordheimenSæbø i Ørsta kommune) var ein framståande fagmann og lokalhistorikar med store kunnskapar om Sunnmøre og framifrå formidlingsevne.

Standal fullførte 4-årig lærarutdanning ved Volda lærarskule i 1951, tok så historie grunnfag ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim i 1963 og fullførte hovudfag same stad i 1977. Han var først lærar i Fausadalen, Stranda kommune frå 1951–56, deretter lærar i Lyftingmo krinsLesja frå 1956–62, så adjunkt ved Stryn ungdomsskule frå 1963–75, styrar på Ørsta bygdetun, Brudevollsamlinga (deltid) frå 1978–84 kombinert med lektorstilling ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1978–70 og 1981, konservator på Nordfjord folkemuseum, Sandane frå 1984–86 og til slutt bygdebokforfattar og -redaktør i Ørsta frå 1986–1992.

Bygdebokskriving

I studietida i Trondheim brukte Ragnar Standal mykje tid på Statsarkivet med å finne stoff frå Hjørundfjorden til dei allmenne bygdebokbanda Ivar Grøvik skreiv. Så vart han altså i 1986 sjølv tilsett som bygdebokforfattar i Ørsta. Der gjorde han ein viktig jobb med å supplere og fullføre bygdebokserien for heimbygda, den tidlegare Hjørundfjord kommune som Lars Strømme hadde arbeidd med. Bøkene er velskrivne og gardshistoriedelane inneheld både tradisjonsstoff, økonomisk stoff og personhistorie.

Anna lokalhistorie- og kulturvernverksemd

Etter han var ferdig med Hjørundfjordbøkene samla så Standal tilfang til dei to forvitnelege bøkene under samletittelen Vegar før vegar var. Det er kartlegging av dei gamle vegsambanda mellom Nordfjord og Sunnmøre og fjellbygdene innafor.

Hovudoppgåva til Standal frå 1977, Utvandringa til Amerika frå Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta 1852-1915, gjeninnvandringa til same bygdene fram til 1975, vart gjeve ut i bearbeidd form i 1985 under tittelen Mot nye heimland : utvandringa frå Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta.

Saman med Terje Aarset klargjorde Standal det førearbeidet Hans Strøm etterlet seg til Søndmørs Beskrivelse, den såkalla Annotasjonsboka (utgjeve 1997).

Utanom dette skreiv Standal ei lang rad artiklar og hefte om lokalhistoriske tema på Sunnmøre.

Musikk, korps og kor

Ragnar Standal var i ei slekt med musikktradisjon og han samla tidleg folketonar frå heimbygda. Han var òg ein flink songar, og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har mange timar opptak med han.

Som lærar engasjerte han seg i lokalmiljøa der han arbeidde, m.a. som dirigent for Lesja songkor og Stryn damekor.

Utmerkingar

Ragnar Standal fekk kulturprisen for Ørsta kommune i 1993, vart æresmedlem i Hjørundfjord sogelag i 1998 og fekk Kongens fortenestmedalje i sølv i 2003.

Kjelder

  • Kirkhusmo, Anders 2008: Institutt for historie og klassiske fag ved NTNU 1958–2008 s. 121.
  • Aarset, Terje 2013: Ragnar Standal (1928–2013), i Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 35. Hjørundfjord sogelag s. 116–119.
  • Aarset, Terje 2013: Ragnar Standal – minneord, i Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 35. Hjørundfjord sogelag s. 120–124.