Ragnelde Lauritzdotter Abelset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ragnelde Lauritzdotter Abelset (fødd omkring 1660 i Ørskog, død 1733Ørsta) var første kvinnelege lensmann i Noreg. Ho var også kyrkjeverje, jordeigar og kjøpmann, og vart stammor til store delar av den seinare borgar- og embetsstanden på Sunnmøre. Ho kan sjåast som ein kvinnepioner, men det er vel så rett å setje ho i samanhang med tradisjonar frå mellomalderen for at enker kan styre sitt eige gods og vere ombod med same mynde som menn, sjølv om dei formelt ikkje var myndige.

Slekt og familie

Ho var dotter av handelsborgar, lensmann og jordeigar Lauritz Olsson Abelset og Margrete Laugesdotter Gamst.

Omkring 1678 vart ho gift med borgar, lensmann og jordeigar Knud Nilsson Wig (d. 1703), som var son av lensmann Nils Iversson Wig. Han må ha vore fødd seinast i 1653, sidan han vart borgar i Bergen i 1678 og lågalderen for borgarskap var 25 år.

Paret fekk tolv barn, og av dei levde seks framleis da mannen døydde i 1703 (sjå nedanfor). Dottera Margaretha Knudsdotter Wig var gift med Hans Holtermann, eigaren av Austrått.

Liv

Ho vart fødd på garden Apalset i Ørskog, som faren eigde. Ein veit ikkje nøyaktig fødselsår. Ut frå når ho fekk born vart ho truleg fødd omkring 1660. Om det stemmer at ho gifta seg omkring 1668, som ei innskrift på ei sølvkanne nemnd i eit skifte tydar på, var ho kanskje fødd nærmare 1650. Men det er meir truleg at ho gifta seg omkring 1678, same året som mannen hennar tok borgarskap i Bergen, og då er omkring 1660 også det mest sannsynlege fødselsåret.

Faren tilhøyrde borgarstanden, og både han og far hans var lensmenn i Valle skipreide. Valle hadde mykje skog, og var eit sentrum for sagdrift og trelasthandel i skottetida og hollendartida. Dette tente storbønder og borgarar godt på, og bland dei som tente mest var Oluf Jonsson Apalset og Lauge Jensson Gamst frå Sykkylven - altså bestefedrane til Ragnelde Abelset. Farfaren eller farmora ser ut til å ha vore frå gamal odelsslekt i Ørskog. Morfaren kom frå Jylland, og var inngifta i ei lågadelsætt knytt til Eiksundgodset og Straumsgodset.

I 1703 døydde Knud Nilsson Wig, og Ragnelda vart ei av dei rikaste enkene på Sunnmøre. Ho tok over ansvaret for jordeigedomane, kjøpmannsverksemda og verva som lensmann og kyrkjeverje etter han. Eigedomane omfatta mellom anna omkring ein tredjedel av jorda i Ørsta. Vi har eit portrett av familien frå dette året, frå minnetavla i Ørsta kyrkje. Det var truleg Caspar Skildrer som måla det. På biletet ser ein Ragnelde og mannen med tolv born. Av dei var seks daude i 1703, og seks levde framleis.

Det må ha kome ein del friarar til ei så rik enke som Ragnelde, men dei vart avvist. Ho vart sittande med vervet som kyrkjeverje til 1725, då ein verson kjøpte Ørsta kyrkje med gods. Lensmann var ho i nesten ti år, inntil sonen Iver Knudsen Wig tok over. Ragnelde Abelset var og ei god forretningskvinne, for frå 1704 til 1733 dobla ho formuen.

Litteratur