Rasmus Møglestue

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rasmus Møglestue (fødd 22. juli 1739 i Lillesand, død 10. november 1808 i Tinn) var sokneprest til Tinn prestegjeld frå 1775 til sin død. Han hadde før dette vore personellkapellan i Valle prestegjeld.

Han var son av Nils Andersson Møglestue og Marthe Rasmusdotter. Rasmus Møglestue vart gift med Katherine Kaufmann, som var dotter av Kristen Kaufmann i Larvik.

Han vart i 1765 personellkapellan i Valle i Setesdal, og det var truleg kring den tida at han gifta seg. I 1775 reiste han til København for å få seg eit prestekall, og han klarte å få Tinn med ein gong. Dit kom han i oktober 1775, og tok over etter Nils Brønlund Bloch som hadde vorte utnemnd til sokneprest til Lier prestgjeld i 1774.

I kallsboka og i brev frå vener av Rasmus Møglestue får ein inntrykk av at han var ein lærd og godlynt prest.[1] Men i Tinn fekk han eit heilt anna ry. Det største problemet var at han var glad i pengar. Folk i bygde klarte ikkje å betale for kyrkjelege handlingar, for presten var for kravstor. Vinteren 1786–1787 hadde det gått så langt at dei sende ein suplikk til kongen, der dei fortalde at «... naar Ringe og Fattige Folk for Armod og Fattidgom icke er i stand til at opfylde Prestens begieringer i denne Tid, saa haver det undertiden hendet sig at han har OverFaldet dem, stødt dem til Jorden, og een deel Overfaldet med Hug og Slag...». Brevet var underskreve av tolv menn frå Tinn. Det kom aldri fram til kongen, for det vart liggande hjå stiftamtmannen og hamne til slutt hjå Lofthus-kommisjonen i mars 1787. Møglestue skal ifølgje eit skiftebrev frå 1794 ha kravd ein heil daler for jordfestinga av ei fattig tenestjente, og av bøndene kravde han ei ku for det same. Rasmus Møglestue vert nemnd som ein av dei som gav årsak til Lofthusopprøret i 1786–1787, då det meste av Agder og Telemark reiste seg mot styresmaktene.[2]

I 1798 vart forholda noko betre, etter at det kom strengare reglar for kva presten kunne ta for kyrkjelege handlingar. Mellom anna vart det slutt på gravvigslekyr, det vil seie at presten skulle ha ei av dei beste kyrne som betaling for gravferd. Om ein småbonde berre hadde to kyr, tok presten gjerne den beste av dei - og Møglestue var òg kjend for å presse bøndene til å ta imot desse kyrne på beite etter at han hadde tatt dei.

Rasmus Møglestue vart gravlagd i krypta under Atrå stavkyrkje.

Referansar

  1. Sjå Einung 1926: 212–213.
  2. Einung 1926: 213–214.

Litteratur og kjelder